Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Hugs reglane for ungdomsfiske

Ungdomsfisket er no godt i gang. Vi minner om at det gjeld særskilte reglar for ordninga, blant anna knytt til bruk av reiskap.

Målet med ungdomsfiskeordning er å gi unge ein inngang til fiskaryrket. Ordninga gjeld for ungdom som fyller 12 år i 2024 og som ikkje har fylt 25 år 30. april 2024. Frå i år gjeld ordninga også for fiske etter uregulerte artar. Fisket varer til 16. august, med særskilte unntak for leppefisk, rognkjeks og kongekrabbe.

Særskilte reiskapsreglar

Fisket kan drivast med følgjande reiskap:

  • stong og handsnøre
  • éi juksemaskin
  • garn med samla lengde på inntil 210 meter
  • liner med inntil 300 onglar
  • inntil 20 teiner eller ruser
  • i fisket etter leppefisk er berre teiner tillate

Fartøy

Fartøyet som blir brukt i ungdomsfiskeordninga skal vere registrert i Fiskeridirektoratets merkeregister eller i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller i Skipsregisteret.

Merkeregistrerte fiskefartøy som er i ordinær drift, eller som har reiskap i sjøen utover reiskapsavgrensinga, kan ikkje nyttast i ungdomsfiskeordninga.

Fartøy som deltar i ordinær fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område kan ikkje vere påmelde som aktive.

Omsetning

Innanfor ungdomsfiskeordninga kan det per person og per fartøy maksimalt omsetjast fangst for 50 000 kroner.

Kontroll

Fiskeridirektoratet vil følge med på fisket og om nødvendig følge opp med fysisk kontroll for å sjå til at regelverket blir følgt.

Les meir om ungdomsfiskeordninga

«378 påmelde til ungdomsfiskeordninga så langt» (18.06.23)

Oppdatert: 27.06.2024