Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

378 påmelde til ungdomsfiskeordninga så langt

I går kunne dei som har meldt seg på årets ungdomsfiskeordning starte fisket.

Talet på påmelde har auka jamt dei siste åra, frå 526 i 2020 til 767 i 2023. Det er også fleire jenter/kvinner som deltek no enn tidlegare.

Du kan følgje utviklinga i påmelde på våre nettsider og tala vert oppdaterte kvar fredag.

Ordninga med ungdomsfiske gir ungdom mellom 12 og 25 år moglegheit til å drive fiske i sommarferien, og omsette fangst for inntil 50 000 kroner.

For å delta registrerer du deg på våre nettsider. 

Ordninga gjeld for heile landet i perioden frå og med 17. juni og til og med 16. august 2024, og omfattar no også uregulerte fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

Ordninga er viktig for rekrutteringa til fiskeri og gjer at ungdom kan få prøve seg som fiskar og kanskje få auga opp for moglegheitene i fiskerinæringa.

Det finns også eigne kommunale ordningar, som legg til rette for at ungdommar kan prøve seg som fiskarar. Du kan sjekke med din kommune om det finns slik ordning der du bur.

Les meir om ungdomsfiskeordninga her.

 

Oppdatert: 18.06.2024