Korleis vert ressursane i havet forvalta?
Det er viktig å forstå at Noreg ikkje bestemmer over dei norske bestandane av villfisk åleine. Meir enn 90 prosent av denne fisken vert forvalta i samarbeid med andre nasjonar.
Norske fiskarar fiskar også i internasjonalt farvatn, eller på kvoter som vi forhandlar til oss i andre lands farvatn. Forvaltinga av dei norske fiskerressursane må altså sjåast både i eit nasjonalt og eit internasjonalt perspektiv.
Det er mange omsyn å ta når ein skal finne den best mulige måten å beskatte ein bestand på. Vi må tenke på fisken og havmiljøet, på menneska og næringa langs kysten og på at folk også i framtida skal kunne ete og leve av ressursane i havet.
I Noreg forvaltar vi dessutan etter filosofien om at livet i havet er ein felles ressurs og at alle næringsutøvarar har rett til lik behandling uansett kvar dei held til i landet.
Fiskeridirektoratet samarbeider med andre institusjoner, som for eksempel Havforskingsinstituttet, om å utarbeide modellar som seier noko om samspelet mellom ulike bestandar, biologi og økonomi.
Fiskeridirektoratet gir råd og utarbeider forslag til årlege nasjonale reguleringstiltak (forskrifter) for botnfisk, pelagisk fisk, reker, kongekrabbe, tang og tare samt marine pattedyr som kval og sel. Deretter fastset Nærings- og fiskeridepartementet reguleringane. Den politiske styringa frå fiskeriministeren og Stortinget har stor betydning for korleis regelverket blir til slutt.
Når departementet har fastsett reglane, er det direktoratet si oppgåve å sjå til at dei blir overhaldne. Vi tildelar fiskeløyve og kontrollerer at vilkår knytt til disse vert overhaldne. Vi deltar også aktivt i utviklinga og innføringa av strukturtiltak i fiskeflåten.
Fiskeridirektoratet deltar åleine, eller bistår Nærings- og fiskeridepartementet i forbindelse med fiskeriforhandlingar med andre land. I tillegg bistår vi Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet i enkelte fora.
Vi arbeider også med å følge opp internasjonale avtalar, som for eksempel avtalar om forvaltingssamarbeid med EU og Russland og kontrollavtalar Noreg har med andre land i nordøstatlanteren.
Dessutan deltar direktoratet i samarbeidsorganisasjonar som blant andre NEAFC – den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen, NAFO – den nordvestatlantiske fiskerikommisjonen, CCAMLR – kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis og IWC – den internasjonale kvalfangskommisjonen.
Desse organisasjonane arbeider blant anna for rettferdig fordeling av ressursane og mot såkalt IUU-fiske – «IUU» står for «illegal», «unreported» og «unregulated». I tillegg har vi representantar med i enkelte internasjonale samarbeids- og bistandsprosjekt organisert gjennom for eksempel NORAD og FN.