Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fiskeridirektoratet og FNs berekraftsmål

Fiskeridirektoratet arbeider for FNs berekraftsmål knytt til miljø og klima, sosiale tilhøve og økonomi.

I havet er det aukande grad av klimaendringar og redusert naturmangfald. Det er hyppigare og kraftigare uvêr, auka havtemperaturar, endringar i artars utbreiingsområde og nye artar i norske farvatn. Desse endringane truar moglegheitene vi har for sunn og trygg produksjon av sjømat.

Bærekraft er kjernen i Fiskeridirektoratets samfunnsoppdrag

FNs berekraftsmål nr 14 «Livet i havet» er å bevare og bruke havet og dei marine ressursane på ein måte som fremjar berekraftig utvikling. Dette fell saman med Fiskeridirektoratets samfunnsoppdrag.

For å møte dei truslane vi står overfor er det spesielt viktig å redusere den negative påverknaden sjømatnæringa har på klima og naturmangfald, og sikre best mogleg klimatilpassing innanfor sjømatsektoren. Det er også viktig å ivareta behovet sjømatnæringa har for reine og rike hav når andre påverkar desse negativt.

Fiskeridirektoratet arbeider på ei rekkje område for å fremje berekraft innanfor akvakultursektoren. I store delar av arbeidet vårt blir berekraft integrert i meir heilskaplege prosessar, men under er nokon av ordningane som har eit reint miljøformål.

Rømming av fisk

Arbeidet mot rømming står sentralt i arbeidet vårt. Vi legg stor vekt på å førebyggje rømming, men også å fiske ut og oppklare hendinga viss rømming først skulle skje.

Arbeidet mot rømming av oppdrettslaks har gitt resultat og bremsa den uønska genetiske påverknaden. Men påverknaden har gått føre seg lenge, noko som er å sjå i mange laksebestandar.

Fiskeridirektoratets arbeid mot rømming 

Overvakar miljøpåverknaden

Akvakultur skal drivast på ein miljøforsvarleg måte. Alle som driv med oppdrett av fisk har plikt til å gjennomføre miljøovervaking, og kan bli pålagt tiltak dersom miljøtilstanden på lokaliteten blir uakseptabel.

Overvaking av miljøpåverknaden

Utslepp av legemiddel

For å redusere effektane frå legemiddel- og andre kjemikalieutslepp er det eigne reglar. Fiskeridirektoratet gjennomførte i 2020 ein tilsynskampanje for å undersøke om legemidlar vart brukt på ein miljøforsvarleg måte.

Bruk og tilsyn av legemiddel

Arbeid mot marin forsøpling

Vi arbeider på fleire måtar for å sikre at oppdrettsutstyr og søppel ikkje blir liggjande igjen i naturen når verksemda blir avslutta. Saman med Statsforvaltaren arbeider vi for at akvakulturnæringa ikkje forsøplar.

Handlingsplan mot marin forsøpling

Utviklingsløyve

Fiskeridirektoratet tildeler fleire typar løyve som skal auke innovasjonsfarten for å utvikle meir miljørette løysingar. Dei mest målretta har vore utviklingsløyva.

Fiskeridirektoratet bidrar i arbeidet med arealplanar for kystområda, i arbeidet med marine verneplanar og havforvaltningsplanar, og uttalar seg til søknader om enkelttiltak.

Innspel frå oss er ofte knytt til varetaking av naturområde som er viktige for livet i havet, slik som gyteområde, oppvekst- og beiteområde og viktige vandringsruter for fisk.

I planprosessane har direktoratet også som oppgåve å vareta interessene til fiskeri- og havbruksnæringane. Desse næringane er viktige for den sosiale og økonomiske berekrafta i mange kystsamfunn.

FNs berekraftsmål 14

FNs berekraftsmål 14 «Livet i havet: Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremjar berekraftig utvikling» overlappar med Fiskeridirektoratet sitt samfunnsoppdrag - å fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvaltning av marine ressursar og marint miljø.

Å jobbe for at fiskeri- og havbruksnæringane er berekraftige, er ei av kjerneoppgåvene til Fiskeridirektoratets og noko vi har jobba for i mange tiår. FNs internasjonale berekraftsmål hjelper oss til å løfte dette arbeidet endå høgare på dagsordenen. Vi treng meir kunnskap, mellom anna for å kunne avstemme dei ulike måla mot kvarandre.

Matproduksjonen vil ha eit fotavtrykk i havet, slik som på landjorda. Vi skal avgrense den negative påverknaden frå sjømatnæringane på økosystema. Der vi ikkje kan unngå vesentlege negative effektar, skal vi vurdere moglegheitene for avbøtande tiltak.

Vurderingane våre skal vere heilskaplege, og ope formidle mogeleg negativ påverknad. Desse vurderingane er i nokre tilfelle vanskelege å gjere, særleg når negative verknader ikkje kan unngåast dersom vi skal oppretthalde matproduksjonen og leggje til rette for å auke den.

FNs berekraftsmål 13

Bruken av naturen påverkar klimaet, samstundes som klimaendringane påverkar naturen. Berekraftsmål 13 er å «Stoppe klimaendringane». Auka bruk av sjømat kan redusere klimautsleppa knytt til matproduksjon, fordi sjømat har eit lågare karbonavtrykk samanlikna med mange av dei landbaserte alternativa. Samstundes må det arbeidast vidare med å redusere klimagassutsleppa frå sjømatnæringane.

I fiskeria har mellom anna val av fangstområde, fangstsesong, fangstmetodar og fartøystypar klimakonsekvensar.

På havbrukssida er det mogleg å stille krav ved tildeling av løyver eller i driftsregelverket som til dømes kan sikre overgang til heilelektrisk drift og utfasing av fossile energikjelder.

FNs berekraftsmål 12

Auka produksjon og hausting av berekraftig sjømat, som er sunn og trygg, kan ikkje skje utan reine og rike hav. FNs berekraftsmål 12 «Ansvarleg forbruk og produksjon» handlar mellom anna om forureining.

Fiskeridirektoratet er avhengig av at andre styresmakter nasjonalt og internasjonalt gjer det dei kan for å halde havområda våre reine. Vi bidreg der vi kan for at fiskeri- og akvakulturnæringa ikkje skal sleppe ut farlege stoff og plast.

FNs berekraftsmål 17

Visjonen til Fiskeridirektoratet er «Livet i havet - vårt felles ansvar». Det fell saman med berekraftsmål 17 «Samarbeid for å nå måla». For å nå berekraftsmåla samarbeider vi med kunnskapsleverandørar, sjømatnæringane, andre offentlege etatar, frivillige organisasjonar og privatpersonar.

Innanfor fiskeri er samarbeid med andre land nødvendig for at haustinga skal vere berekraftig. Samarbeid med andre land innafor miljøsektoren er i det heile avgjerande for å halde norske havområde så reine og rike som mogleg.

FNs berekraftsmål 8, 9 og 11

Fiskeri- og havbruksnæringa er viktige berebjelkar i mange lokalsamfunn langs kysten. Ei berekraftig utvikling av næringane kan difor også vere bidrag til berekraftsmål 8, 9 og 11: «Anstendig arbeid og økonomisk vekst», «Industri, innovasjon og infrastruktur» og «Berekraftige byar og lokalsamfunn».

Les meir

Kor langt Noreg er kome i arbeidet med berekraftsmåla (regjeringen.no)