Samfunnsoppdrag
Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.
Vi er myndigheitenes rådgjevande og utøvende organ innan fiskeri- og havbruksforvalting i Noreg. Direktoratet er underlagd Nærings- og fiskeridepartementet.
Samfunnsoppdrag
Fiskeridirektoratet sin myndighet og ansvar er fastsett i hovedinstruks frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Hovedinstruks for Fiskeridirektoratet
Slik løyser vi samfunnsoppdraget
Fiskeridirektoratet gir råd til departementet om korleis fiskeri- og akvakulturnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde.
Sjølv om forvaltinga kan instruerast av politisk leiing, er forvaltinga fagleg uavhengig, byggjer sine råd på kunnskap vunne gjennom erfaring eller forsking og gir råd til politisk leiing basert på beste faglege skjønn. Forvaltinga legg fram ulike alternativ, grunngjev desse og illustrerer konsekvensane av dei ulike alternativa.