Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Kva er marin arealforvalting?

Konkurrransen om areal i nære havområde og kystsona aukar. Det er derfor viktig med tett samarbeid mellom mange etatar for å sikre berekraftig bruk av desse områda.

Norskekysten er unik. Ikkje medrekna Svalbard er den 84 000 kilometer lang, noko som tilsvarar to gongar rundt ekvator.

280 av 431 kommunar grensar til kysten og 80 prosent av befolkninga bur 10 kilometer, eller mindre, inn i landet. Norskekysten gir fortsatt muligheiter for vekst, men tilgangen til land- og sjøområde er ikkie ubegrensa, sjølv om det kan virke slik.

Problemstillingane er noko ulike nord og sør i landet. I sør fokuserast det sterkast på rekreasjon og freding. I nord er befolkningstettheita mindre og fokuset er derfor meir retta mot næringsutvikling og arbeidsplassar. Dette er forvaltingsområde som blir stadig viktigare, fordi tettheita i nære havområde og kystsona aukar.

Døme på aktivitetar som kan vere konkurrerande er kraftutbygging, fiskeri, oljeverksemd, akvakultur, rekreasjon, turisme og vern av dyr, plantar og kulturminne. Fiskeridirektoratet skal bidra til at fiskeri- og akvakulturnæringa drivast berekraftig.

Vi deltar i plan- og næringsutvikling i tett samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og andre etatar. Dette arbeidet munnar ut i kommuneplanar, kystsoneplanar, fylkesplanar, marine verneplanar og liknande.

Vi deltar også i tverrfaglege grupper som blant anna arbeider med forvaltingsplanar for Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen, kartlegging av marine naturtypar, forvalting heimla i vassforskrifta, kystkultur og beredskap og krisehandtering i kystsona.

Ansvaret for verneplanlegging ligg hos miljøvernmyndigheitene, men Fiskeridirektoratet vert involver tidlig i slikt arbeid for å kunne ivareta fiskeri- og akvakulturinteressene innanfor berekraftige rammer.