Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Marine verneområde knytt til fiskeri og akvakultur

Korleis bruker Fiskeridirektoratet arealbaserte tiltak som verktøy i fiskeri- og akvakulturforvaltninga?

Verneområde i sjø har dei seinare åra blitt eit meir aktuelt tema. Ein har med hell innført beskytta marine område for å beskytte norske korallrev. Andre arealbaserte tiltak er brukt for å nå ei rekke andre målsetningar, kor beskyttelse av sårbare marine økosystem står sentralt.

Fiskeri

Det norske forvaltningsregimet har som mål å bidra til eit langsiktig bærekraftig utbytte frå dei levande marine ressursane, og samtidig beskytte det marine mangfaldet og økosystema. Havressursloven (Lovdata.no) er det lovmessige fundamentet som fiskeriforvaltninga har for å beskytte marine område.

For å nå målet er det utvikla ei rekke omfattande forvaltningstiltak. Forvaltningsregimet og dei innførte tiltaka skal virke dynamiske og utviklande.

Nokre av dei arealbaserte tiltaka kan opprinneleg vere innført av andre grunnar enn å beskytte biodiversitet. Arealbaserte forvaltningstiltak har inntil i dag blitt implementert i norsk fiskeriforvaltning av følgande grunnar:

  • konflikter mellom redskapstypar og mellom fartøy
  • beskyttelse av gyteområde
  • beskyttelse av yngel – permanent og midlertidig stenging av fiskefelt
  • oppbygging av nedfiska fiskebestandar (for eksempel kysttorsk, uer og tobis)
  • forvaltningstiltak for bestandar knytt til bestemte stader (for eksempel hummer og tareskog)
  • beskyttelse av sårbare botnhabitat (som korallrev)

Områda er i kvart enkelt tilfelle utforma i samsvar med spesifikke reguleringsbehov.

Kysttorsk

Sidan starten av 2000-tallet har det gradvis blitt etablert omfattande reguleringstiltak for å bygge opp att bestanden av kysttorsk. Kysttorsk og nordøstatlantisk torsk blandar seg på fiskefelta i fjordane og på kysten. Dette gir utfordring i forvaltninga av torsk.

Eit kjerneelement i forvaltningsplanen er å flytte fiskeflåten som fiskar torsk lenger ut frå kysten; jo større fartøy, jo lenger ut fra kysten. Detaljerte bestemmelser utelukkar spesielle fartøy og redskapstypar frå å fiske innanfor etablerte fjordlinjer eller grunnlinja.

Kart over «Fjordlinjer – Kysttorskregulering»

Hummerfredningsområde

Hummaren er freda store delar av året og det er etablert mange frednings- og bevaringsområde. I desse områda er det forbudt å fiske med anna enn krokredskap. Det betyr at andre arter også er beskytta.

Fredingstider og -område for hummer

Tang og tare

Høsting av tang og tare er nedfelt i detaljerte haustingsplanar for dei ulike fylka på kysten. Sonar med forbud mot hausting for å beskytte sjøfugl er tatt med i planane. Det er også etablert referanseområde kor tarehausting ikkje er lov.

Tarehausting

Stenging og opning av fiskefelt

Opning og stenging av fiskefelt for å beskytte yngel og artar mot å bli tatt som bifangst, er eit svært viktig element i norsk fiskeriforvaltning.

Om lag 60 stengingar, endringar og opningar av fiskefelt blir gjort kvart år som eit suksessrikt tiltak for å beskytte yngel eller uønska bifangst.

Gjeldande reglar for stengde fiskefelt

Sårbare beskytta marine økosystem

I september 2011 vart 800 000 km2 djuphav verna gjennom ei ny regulering. Dette gjer Noreg til eit føregangsland når det gjeld å verne havet mot botnfiskerier. Til samanlikning utgjer landareala for fastlands-Noreg 324 000 km2. I 2019 vart forskrifta oppdatert ved at stort sett grunne område rundt Svalbard vart stengt for fiske. Til saman er nå om lag 1.000.000 km2 norsk havbotn stengd.

Laks

Stortinget vedtok i 2003 og 2007 å etablere 52 nasjonale laksevassdrag og 29 nasjonale laksefjordar. Hensikten med vedtaka er å gi dei viktigste laksebestandane i Noreg spesiell beskyttelse mot mogleg negativ påverknad frå blant anna oppdrett i nærliggande fjordar og kystområde og frå annan aktivitet.

I ei rekke av dei 29 laksefjordane er fisket etter anadrome fiskeslag forbudt og akvakulturanlegg som vart liggande innanfor grensene til laksefjordene måtte flytte til nye områder utenfor grensene. Regelverket er knyttet til akvakulturloven.

Kart over nasjonale laksefjordar i vår kartløysing

Torsk

Det er ikkje lov å etablere torskeoppdrett i gyteområde for vill torsk. Forbodet er ein del av akvakulturregelverket.