Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fiskeforbod i Møre og Romsdal

Av omsyn til kysttorsken gjeld særlege reglar i Borgund- og Heissafjorden. Reglane inngår i årleg forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei.

Frå og med 1. mars til og med 31. mai er alt fiske forbode i eit område i Borgundfjorden, som er angitt i vedlegg til forskrifta. Alt fiske betyr også andre artar enn torsk, hyse og sei. Forbodet gjeld likevel ikkje med handsnøre og fiskestong.

I Heissafjorden er det i same periode forbod mot stolpesette garn. Det er likevel lovleg med stolpesette garn når høgda på strekt maske i garn og stolpar totalt er mindre enn 23 meter.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62° N i 2023, § 32

Oppdatert: 16.02.2023