Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 16. desember 2008 med heimel i lov av 6. juni 2008 nr 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 54.
I
Overskrider eit fartøy den fangstmengd eller dei kvotar for fartøy som er fastsett i medhald av § 12, § 13 og § 14 i havressurslova, tilfell fangst over kvote eller verdien av fangst over kvote vedkomande salslag etter § 54. Mynde til å treffe vedtak om slik inndraging vert delegert til vedkomande salslag. Fiskeridirektoratet er klageorgan.
Fangst eller verdi av fangst hausta eller levert i strid med havressurslova elles, eller føresegner fastsett i medhald av lova, tilfell vedkomande salslag. Mynde til å treffe vedtak om inndraging vert delegert til Fiskeridirektoratets regionkontor. Fiskeridirektoratet er klageorgan.
Fangst eller verdi av fangst hausta eller levert i strid med deltakerloven eller føresegner fastsett i medhald av lova, tilfell vedkomande salslag etter § 54. Mynde til å treffe vedtak om inndraging vert delegert til Fiskeridirektoratet. Fiskeri- og kystdepartementet er klageorgan
II
Dette delegasjonsvedtaket gjeld frå 1. januar 2009.