Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

J-20-2006: (Utgått) Forskrift 28. desember 2005 nr. 1731 om endring av forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd

Erstatter: J-14-2005

Erstattet av: J-210-2006

Endringer: Se utgåtte meldinger

Gyldig fra: 28.12.2005

Forskrift 28. desember 2005 nr. 1731 om endring av forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd

Innholdsfortegnelse:

    Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 28. desember 2005 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur §§ 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 11, 13, 16, 17, 19, 22, og § 26. og lov av 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7, § 8, § 14, § 15, § 19, § 23, § 24, § 25, § 26, § 28 og § 32, jf. delegeringsvedtak av 19. desember 2003 nr. 1790.

    I forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd er det foretatt endringer. Forskriften skal i sin helhet lyde:

    Forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta).

    Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruksdepartementet 28. august 2003 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur §§ 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 11, 13, 16, 17, 19, 22, og § 26. og lov av 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7, § 8, § 14, § 15, § 19, § 23, § 24, § 25, § 26, § 28 og § 32, jf. delegeringsvedtak av 19. desember 2003 nr. 1790.

    Kapittel I. Innleiande føresegner

    § 1. Føremål

    Forskrifta skal medverke til at havbeitenæringa blir lønsam og konkurransekraftig innanfor rammene av ei berekraftig utvikling, medverke til verdiskaping på kysten og sikre god helse hjå akvatiske dyr.

    § 2. Verkeområde

    Forskrifta gjeld havbeite.

    § 3. Definisjonar

    I denne forskrifta meiner ein med:

    a)  akvakultur: produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar.

    b) havbeite: akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap.

    b) hausting: systematisk gjenfangst av eit utsett av havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting.

    c)  lokalitet: eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.

    Kapittel II. Tildeling

    § 4. Tildelingsmynde

    Fiskeridirektoratet kan etter søknad tildele løyve til havbeite og særskilt løyve til fôring og andre tiltak.

    § 5. Særlege avgrensingar ved tildeling

    Fiskeridepartementet kan avgrense talet på tildelte løyve nasjonalt, regionalt og lokalt, for å sikre at havbeitenæringa får ei forsiktig utvikling med omsyn til konsekvensar for miljø, utøving av allemannsrett og andre næringsinteresser.

    Løyve til havbeite skal tildelast etter koordinerte sakshandsamingsrundar. Fiskeridepartementet fastset kor mange slike rundar som er naudsynt per år.

    § 6. Søknad om løyve

    Fiskeridirektoratet kan krevje dei opplysningar frå søkjaren som dei finn naudsynt for å handsame søknaden.

    Søknad skal fyllast ut på skjema fastsett av Fiskeridirektoratet. Søknad etter denne føresegna skal fyllast ut i fem eksemplar som skal sendast til Fiskeridirektoratet.

    Søknad kan sendast i berre eitt eksemplar dersom både søknad og vedlegg er i A-4-format og verken søknad eller vedlegg inneheld dokument med fargar. Slik søknad kan òg sendast elektronisk.

    Søkjaren skal etter tilvisning frå kommunen syte for at beskriving av art og lokalisering av den omsøkte verksemda vert kunngjort i Norsk Lysningsblad og i to aviser som er fast lesne i området.

    Søknaden skal mellom anna innehalde:

    a)

    Kvittering for betalt sakshandsamingsgebyr, jf. § 34.

     b)

    Kartkoordinatar for dei omsøkte lokalitetane samt kart kor desse er teikna inn.

    c)

    Opplysningar om i kva for utstrekning søkjar ynskjer å gjennomføre tiltak før og i driftsfasen med tanke på å klargjere lokaliteten.

    d)

    Plan for opprydding ved avslutning av verksemda.

    e)

    Opplysningar om den planlagde drifta, her medrekna driftsplan, tilgang på havbeitedyr for utsett o.a.

    f)

    Miljøtilhøve, her medrekna dokumentasjon av opphavet til havbeitedyra og dokumentasjon av miljøtilstanden på omsøkte lokalitetar, jf. § 7 andre og tredje ledd.

    g)

    Opplysningar om lokaliteten, her medrekna planstatus for lokaliteten, avstand til vassdrag, verneområder, andre lokalitetar og anna akvakulturverksemd samt tilhøvet til allemannsretten o.a.

    h)

    Opplysningar om i kva grad omsøkt drift vil kunne komme i konflikt med andre brukarinteresser i området.

    § 7. Ufråvikelege vilkår

       
               Havbeiteløyve kan berre gjevast dersom

    a) det er miljømessig forsvarleg;
    b) det er gjort ei veging av arealinteresser, med særleg vekt på
        1.      søkars behov for areal til planlagt akvakulturverksemd,
        2.      alternativ bruk av området til anna akvakultur,
        3.      anna bruk av området, og
        4.      verneinteresser som ikkje er omfatta av bokstav d, her medrekna vedtak om  
                 vern etter lov 29. mai 1981 om viltet;
    c) det er gitt dei løyve som vert kravd etter
        1.      lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet m.v.,
        2.      lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensning og om avfall,
        3.      lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v., og
        4.      lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann; og
    d) det ikkje er i strid med 
        1.      vedtekne arealplanar etter plan- og bygningsloven 14. juni 1985 nr. 77,
        2.      vedtekne vernetiltak etter lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern, eller
        3.      vedtekne vernetiltak etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner.
    Sjølv om løyve kan vere i strid med bokstav d) kan løyve gjevast dersom det ligg føre samtykke frå vedkommande plan- eller vernestyresmakt.

    Løyve kan berre gjevast til utsett av havbeitedyr som er stadeigne.

    § 8. Andre vilkår for tildeling

    Ved tildeling skal ein leggje stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader av tiltaket, her medrekna:

    a)

    i kva grad den omsøkte verksemda vil vere med å realisere det potensialet som ligg i havbeitenæringa.

    b)

    planlagd økonomisk verksemd søkjaren har i regionen, medrekna integrasjon med anna næringsverksemd til dømes ved samarbeid med andre næringsdrivande.

    c)

    i kva grad den omsøkte verksemda vil avgrense utøving av allemannsretten i området, særleg med omsyn til tradisjonelt fiske, andre næringsinteresser og fritidsaktivitetar.

    § 9. Økonomisk garanti

    Fiskeridirektoratet kan krevje at søkjar stiller fullgod økonomisk garanti for at gjenoppretting som nemnt i § 31 vert gjennomført.

    § 10. Særskilt løyve til fôring og andre tiltak

    Fôring av havbeitedyr og andre tiltak i samband med verksemda skal godkjennast av Fiskeridirektoratet etter samråd med Mattilsynet. Det må søkjast særskilt om slikt løyve. Søknaden skal sendast i to eksemplar, eventuelt elektronisk. Ved tildeling av særskilt løyve til fôring og andre tiltak skal sjukdomsfaglege og miljømessige tilhøve tilleggjast vesentleg vekt.

    § 11. Tidsavgrensing av løyvet

    Løyve til havbeite skal gjevast for ein nærare fastsett periode. Søknad om forlenging av løyve må sendast seinast 6 månader før løyvet går ut.

    § 12. Krav til lokalitet

    Ein havbeitelokalitet skal vere eit nærare avgrensa geografisk område definert av kartkoordinatar. Storleiken på lokalitetane vert fastsett i det enkelte løyve.

    § 13. (Opphevet ved forskrift 28. desember 2005 nr. 1731)

    Kapittel III. Etablering og drift

    § 14. Allmenne krav til etablering og drift

    Havbeiteverksemda skal etablerast og drivast i samsvar med dei krava som går fram av løyvet, gjeldande regelverk og elles på ein slik måte at verksemda er teknisk, helsemessig, dyrevernmessig og miljømessig forsvarleg.

    § 15. Kompetanse

    Alle som deltek i aktivitetar som er omfatta av denne forskrifta skal ha dei naudsynte faglege kvalifikasjonar for slik aktivitet.

    § 16. Driftsplan

    Innehavar av løyve skal syte for at det vert utarbeidd driftsplan for havbeiteverksemda.

    Kvart år innan 1. oktober skal innehavar av løyve levere inn driftsplan til vedkomande regionkontor til Fiskeridirektoratet. Planen skal gjere greie for drifta dei to neste kalenderåra.

    Driftsplanen for det fyrste året skal godkjennast av Fiskeridirektoratet etter samråd med Mattilsynet.

    Av planen må minimum gå fram:

    -

    opphav til dyr og kor mange dyr som skal setjast ut, tidspunkt for utsett, kva for ein lokalitet eller lokalitetar eller delar av lokalitet det skal setjast ut på

    -

    eventuelle nye delområde av den godkjende lokaliteten som skal takast i bruk det neste året

    -

    planlagt tidspunkt, metodar og omfang av gjenfangst av havbeitedyr

    -

    planlagde tiltak i samband med sjukdomsutbrot, til dømes brakklegging av lokaliteten

    -

    planlagt bruk av eventuelle anlegg og innretningar, og eventuelt vedlikehald av desse

    -

    planlagde tiltak i samband med predatorkontroll

    -

    eventuelle planar om fôring og andre tiltak etter særskilt søknad jf. § 10.

    Fiskeridirektoratet kan etter søknad godkjenne vesentlege endringar i planen.

    § 17. Melding om driftsoppstart og -stopp

    Innehavar av løyve skal sende melding til Fiskeridirektoratet ved driftsoppstart. Det skal òg sendast melding når drifta vert stoppa.

    § 18. Tilsynsplikt

    Innehavar av løyve skal ha jamnleg tilsyn med verksemda. Nærare reglar om dette kan fastsetjast i kvart enkelt løyve.

    § 19. Måleplikt

    Fiskeridirektoratet kan fastsetje i det enkelte løyve at innehavar av løyve skal utføre målingar av den utsette arten. Det nærare innhaldet av måleplikta (kor ofte det skal målast, omfang, o.a.) skal gå fram av løyvet.

    § 20. Journalføring

    Innehavar av løyve skal, ved heile tida å føre driftsjournal, kunne dokumentere å ha systematisk oversikt over havbeiteverksemda.

    Journalen skal oppbevarast hos innehavar av løyve i minst 5 år, og kan krevjast framlagt av dei styresmaktene som er tillagt mynde etter denne forskrifta.

    Journalen skal innehalde:

    a)

    Ved kvart enkelt utsett: art, tal, opphav, alder og storleik på dei utsette dyra, tidspunkt for utsetjing, kor i lokaliteten dei vert utsett og gjennomsnittsvekt.

    b)

    Haustingstidspunkt, haustingskvantum og oppteke kvantum sjuke/daude individ.

    c)

    Handsaming og levering av daude individ, handsamingsmåte, kvantum levert, tidspunkt for levering og mottakar. Dersom det er gjeve løyve til fôring: fôrtype (tørrfôr og våtfôr/mjukfôr), forbruk av fôr, fôrmjøltype, fôrprodusent og fôrmerke.

    d)

    Helsestatus på havbeitedyra

    e)

    Eventuell bruk av legemiddel og kjemikaliar

    f)

    Tiltak mot predatorar.

    g)

    Brakklegging som ein følgje av sjukdom, jf. § 24 andre ledd i forskrifta.

    h)

    Resultat av ev. målingar etter § 19, medrekna tettleik, jf. § 25.

    i)

    Inspeksjonstidspunkt, frekvens og omfang.

    j)

    Miljødokumentasjon.

    k)

    Eventuelle andre journalføringspliktige tilhøve som går fram av løyvet.

    Kvantumsopplysningane skal spesifiserast på tal individ og samla vekt i kg.

    Fiskeridirektoratet kan gjennom enkeltvedtak gje pålegg om at også andre forhold skal journalførast.

    § 21. Helsekontroll

    Det skal gjennomførast risikobasert helsekontroll med akvakulturdyr på lokaliteten.

    Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom på lokaliteten skal veterinær eller fiskehelsebiolog varslast omgåande, og helsekontroll gjennomførast for å avklare årsaksforhold.

    Ved vedvarande auka dødstal skal ny helsekontroll gjennomførast innan 14 dagar, med mindre årsaksforhold er eintydig og avklart.

    Når det er teke inn akvakulturdyr i ein lokalitet skal det gjennomførast minst ein helsekontroll før akvakulturdyr blir tekne ut av lokaliteten.

    § 22. Helsekontrollen sitt innhald

    Helsekontrollen skal utførast av veterinær eller fiskehelsebiolog. Etter løyve frå Mattilsynet kan det nyttast anna personell med tilsvarande kompetanse.

    Ved kvar helsekontroll skal driftsjournalen til lokaliteten granskast. Lokaliteten skal inspiserast. Eit representativt utval av nett daude dyr eller dyr med unormal åtferd skal obduserast og relevante undersøkingar skal gjennomførast.

    Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom skal det takast ut prøver og gjennomførast undersøkingar for å fastslå årsaka.

    § 23. Tettleik av havbeitedyr

    Mattilsynet kan treffe vedtak om maksimal tettleik på havbeitelokaliteten.

    § 24. Uttak av avlsmateriale til bruk i akvakulturverksemd

    For å motarbeide sjukdom og smittefare kan Mattilsynet gjennom enkeltvedtak fastsetje nærare føresegner om uttak av avlsmateriale frå havbeitedyr til bruk i akvakulturverksemd, under dette føresegner om drifta ved slike havbeitelokalitetar.

    § 25. Førebygging og motverking av sjukdom

    Når det er påvist eller ligg føre mistanke om smittsam sjukdom i havbeiteverksemd, kan Mattilsynet gi pålegg om naudsynte tiltak, under dette avliving og destruksjon.

    Ved påvist sjukdom kan Mattilsynet påleggje brakklegging.

    § 26  Opphevet ved forskrift 28. desember 2005 nr 1731

    § 27. Merking av havbeitedyr

    Fiskeridirektoratet kan i det enkelte løyvet fastsetje krav om merking av havbeitedyr før utsetjing eller i samband med hausting.

    § 28. Anlegg og innretningar

    Etablering og bruk av anlegg og innretningar på havbotnen kan berre skje i den grad det går fram av løyvet. Slike anlegg og innretningar må formast ut og plasserast slik at dei ikkje utgjer noko trugsmål mot miljøet, jf. § 7 fyrste ledd.

    § 29. Merking av lokalitet

    Fiskeridirektoratet kan påleggje merking av havbeitelokalitet og godkjenne merking etter søknad frå innehavar av løyvet.

    Kapittel IV. Bruk og utnytting av lokalitet

    § 30. Gjenfangst

    Innehavar av løyve til havbeite har einerett til gjenfangst av den utsette arten i lokaliteten. Gjenfangsten skal skje på ein slik måte at den er minst mogeleg til skade for ville bestandar. Bruk av botnskrape og botntrål er forbode.

    Innehavar av løyve til havbeite har ikkje einerett til gjenfangst i lokaliteten før havbeitedyr er sett ut.

    Det kan fastsetjast nærare reglar i løyvet om gjenfangst av den utsette arten og fangst av predatorar i lokaliteten uavhengig av anna fiskerilovgjeving.

    § 31. Anna bruk og utnytting

    Aktivitetar i lokaliteten som kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten er ikkje tillate.

    Fylgjande aktivitetar er i alle høve forbodne i lokaliteten dersom dei ikkje er ein del av havbeiteverksemda: garn, landnot, ringnot, ruse, teine og skjellskrape.

    Fiskeridirektoratet kan ved vedtak dispensere frå forboda i andre ledd dersom desse aktivitetane i einskilde tilfelle likevel ikkje kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten.

    Kapittel V. Tilbaketrekking og avvikling

    § 32. Oppryddingsplikt

    Den som driv havbeiteverksemd pliktar så langt det er råd å gjenopprette miljøtilstanden i området ved avslutting av verksemda, medrekna å fange inn att dei utsette havbeitedyra. Anlegg og innretningar må fjernast ved avslutting av verksemda. Fiskeridirektoratet kan setje nærare frist for oppryddinga.

    § 33. Tilbaketrekking og endring

    Eit løyve kan bli endra eller trekt attende i samsvar med akvakulturlova § 9.

    Kapittel VI. Avsluttande føresegner

    § 34. Straff og andre reaksjonar ved brot på forskrifta

    Brot på føresegnene i forskrifta eller vedtak gitt i medhald av forskrifta, kan medføre straff og andre reaksjonar etter lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet m.v. og lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur.

    § 35. Gebyr

    For handsaming av søknad etter § 10 skal det ikkje betalast gebyr.

    For handsaming av andre søknader etter denne forskrifta skal søkjar betale eit gebyr, jf. forskrift av 21. desember 2001 nr. 1597 om innkrevning av gebyrer i forbindelse med akvakultur. Manglande innbetaling av gebyr medfører at søknaden ikkje vert handsama.

    § 36. Tilsyn og vedtak

    Fiskeri- og kystdepartementet handhevar føresegna i § 5. Fiskeridirektoratet handhever føresegnene i § 1, § 2, § 4 til § 20, § 27 til § 33, § 34, § 35 og § 37 fyrste ledd.

    Mattilsynet handhevar føresegnene i § 10, § 14, § 16, § 20 til § 26, § 34 og § 37 andre ledd.

    § 37. Dispensasjon

    Fiskeridirektoratet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 fyrste ledd.

    Mattilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 andre ledd såframt at det ikkje vil stride mot Noregs internasjonale plikter, herunder EØS-avtala.

    § 38. Ikraftsetjing

    Denne forskrift tek til å gjelde 1. januar 2006.

    ANR/EW