Fastsatt av Fiskeri- og kystdepartementet 22. desember 2004 med hjemmel i lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7 annet ledd, § 8 annet ledd, § 14, § 15, § 19 tredje ledd, § 33 første ledd, jf. Fiskeri- og kystdepartementets delegeringsvedtak av 5. mai 2004 nr. 884.
I
I forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd gjøres følgende endringer:
§ 21 skal lyde:
§ 21. Helsekontroll
Det skal gjennomførast risikobasert helsekontroll med akvakulturdyr på lokaliteten.
Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom på lokaliteten skal veterinær eller fiskehelsebiolog varslast omgåande, og helsekontroll gjennomførast for å avklare årsaksforhold.
Ved vedvarande auka dødstal skal ny helsekontroll gjennomførast innan 14 dagar, med mindre årsaksforhold er eintydig og avklart.
Når det er teke inn akvakulturdyr i ein lokalitet skal det gjennomførast minst ein helsekontroll før akvakulturdyr blir tekne ut av lokaliteten.
§ 22 skal lyde:
§ 22. Helsekontrollens innhald
Helsekontrollen skal utførast av veterinær eller fiskehelsebiolog. Etter løyve frå Mattilsynet kan det nyttast anna personell med tilsvarande kompetanse.
Ved kvar helsekontroll skal driftsjournalen til lokaliteten granskast. Lokaliteten skal inspiserast. Eit representativt utval av nett daude dyr eller dyr med unormal åtferd skal obduserast og relevante undersøkingar skal gjennomførast.
Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom skal det takast ut prøver og gjennomførast undersøkingar for å fastslå årsaka.
Nåværende §§ 22 til 37 blir §§ 23 til 38.
§ 36 skal lyde:
§ 36. Tilsyn og vedtak
Fiskeri- og kystdepartementet handhevar føresegna i § 5. Fiskeristyresmaktene handhever føresegnene i § 1, § 2, § 4 til § 20, § 27 til § 33, § 34, § 35 og § 37 fyrste ledd.
Mattilsynet handhevar føresegnene i § 20 til § 26, § 34 og § 37 andre ledd.
§ 37 skal lyde:
§ 37. Dispensasjon
Fiskeristyresmaktene kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 fyrste ledd.
Mattilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 andre ledd såframt at det ikkje vil stride mot Noregs internasjonale plikter, herunder EØS-avtala.
II
Denne forskriften trer i kraft fra 1. januar 2005.
Forskriften lyder etter dette:
Forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta)
Fastsett av Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet 28. august 2003 med heimel i lov av 21. desember 2000 nr. 118 om havbeite § 6, § 7, § 10, § 17 og § 18 og lov av 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 33 første ledd, jf. § 36 andre ledd, jf. delegeringsvedtak av 19. desember 2003 nr. 1790. Endra 9. januar 2004 nr. 185 (m.a heimel), 25. august 2004 nr. 1214, 14. des. 2004 og 22. des. 2004.
Kapittel I Innleiande føresegner
§ 1 Føremål
Føremålet med denne forskrifta er å medverke til at havbeite kan få ei balansert og bærekraftig utvikling og bli ei lønsam kystnæring, samt å førebyggje, avgrense og utrydde smittsam sjukdom hjå akvatiske dyr.
§ 2 Verkeområde
Forskrifta gjeld utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i næringsføremål (havbeite) samt smitteførebygging ved slik verksemd.
§ 3 Definisjonar
I denne forskrifta meiner ein med:
a) akvakulturverksemd: verksemd der ein driv med oppdrett eller havbeite eller på annan måte held akvatiske dyr i kultur.
b) hausting: systematisk gjenfangst av eit utsett av havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting m.v. er ikkje å sjå på som hausting.
c) lokalitet: eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyve, der innehavar av løyve har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.
d) fiskeristyresmaktene: Fiskeridirektoratet eller den Fiskeridirektoratet gjev mynde etter forskrifta.
Kapittel II Tildeling og retildeling
§ 4 Tildelingsmynde
Fiskeristyresmaktene kan etter søknad tildele løyve til havbeite og særskilt løyve til fôring og andre tiltak.
§ 5 Særlege avgrensingar ved tildeling
Fiskeridepartementet kan avgrense talet på tildelte løyve nasjonalt, regionalt og lokalt, for å sikre at havbeitenæringa får ei forsiktig utvikling med omsyn til konsekvensar for miljø, utøving av allemannsrett og andre næringsinteresser.
Løyve til havbeite skal tildelast etter koordinerte sakshandsamingsrundar. Fiskeridepartementet fastset kor mange slike rundar som er naudsynt per år.
§ 6 Søknad om løyve
Fiskeristyresmaktene kan krevje dei opplysningar frå søkjaren som dei finn naudsynt for å handsame søknaden.
Søknad skal fyllast ut på skjema fastsett av fiskeristyresmaktene. Søknad etter denne føresegna skal fyllast ut i fem eksemplar som skal sendast til fiskeristyresmaktene.
Søknad kan sendast i berre eitt eksemplar dersom både søknad og vedlegg er i A-4-format og verken søknad eller vedlegg inneheld dokument med fargar. Slik søknad kan òg sendast elektronisk.
Søkjaren skal etter tilvisning frå kommunen syte for at beskriving av art og lokalisering av den omsøkte verksemda vert kunngjort i Norsk Lysingsblad og i to aviser som er fast lesne i området.
Søknaden skal mellom anna innehalde:
a) Kvittering for betalt sakshandsamingsgebyr, jf. § 34.
b) Investerings- og finansieringsplan.
c) Kartkoordinatar for dei omsøkte lokalitetane samt kart kor desse er teikna inn.
d) Opplysningar om i kva for utstrekning søkjar ynskjer å gjennomføre tiltak før og i driftsfasen med tanke på å klargjere lokaliteten.
e) Plan for oppryddig ved avslutning av verksemda.
f) Opplysningar om den planlagde drifta, her medrekna driftsplan, tilgang på havbeitedyr for utsett m.v.
g) Miljøtilhøve, her medrekna dokumentasjon av opphavet til havbeitedyra og dokumentasjon av miljøtilstanden på omsøkte lokalitetar, jf. § 7 andre og tredje ledd.
h) Opplysningar om lokaliteten, her medrekna planstatus for lokaliteten, avstand til vassdrag, verneområder, andre lokalitetar og anna akvakulturverksemd samt tilhøvet til allemannsretten m.v.
i) Opplysningar om i kva grad omsøkt drift vil kunne komme i konflikt med andre brukarinteresser i området.
§ 7 Ufråvikelege vilkår
Løyve kan ikkje bli gjeve dersom det er fare for skadelege verknader på folkehelsa eller miljø, medrekna fare for skade på det biologiske mangfaldet, økosystema eller spreiing av sjukdomar.
Løyve kan berre gjevast til utsett av havbeitedyr som er stadeigne.
Søkjar skal kunne dokumentere miljøtilstanden på lokaliteten.
§ 8 Andre vilkår for tildeling
Ved tildeling skal ein leggje stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader av tiltaket, her medrekna:
a) i kva grad den omsøkte verksemda vil vere med å realisere det potensialet som ligg i havbeitenæringa.
b) planlagd økonomisk verksemd søkjaren har i regionen, medrekna integrasjon med anna næringsverksemd til dømes ved samarbeid med andre næringsdrivande.
c) i kva grad den omsøkte verksemda vil avgrense utøving av allemannsretten i området, særleg med omsyn til tradisjonelt fiske, andre næringsinteresser og fritidsaktivitetar
§ 9 Økonomisk garanti
Fiskeristyresmaktene kan krevje at søkjar stiller fullgod økonomisk garanti for at gjenoppretting som nemnt i § 31 vert gjennomført.
§ 10 Særskilt løyve til fôring og andre tiltak
Fôring av havbeitedyr og andre tiltak i samband med verksemda kan berre skje etter løyve frå fiskeristyresmaktene. Det må søkjast særskilt om slikt løyve. Søknaden skal sendast i to eksemplar, eventuelt elektronisk. Ved tildeling av særskilt løyve til fôring og andre tiltak skal sjukdomsfaglege og miljømessige tilhøve tilleggjast vesentleg vekt.
§ 11 Tidsavgrensing av løyvet
Løyve til havbeite skal gjevast for ein nærare fastsett periode. Søknad om forlenging av løyve må sendast seinast 6 månader før løyvet går ut.
§ 12 Krav til lokalitet
Ein havbeitelokalitet skal vere eit nærare avgrensa geografisk område definert av kartkoordinatar. Storleiken på lokalitetane vert fastsett i det enkelte løyve.
§ 13 Overføring og pant
Løyve til havbeite kan ikkje overførast. Løyve kan likevel pantsetjast. Pantsetjinga får rettsvern ved tinglysing i lausøyreregisteret.
Kapittel III Etablering og drift.
§ 14 Allmenne krav til etablering og drift
Havbeiteverksemda skal etablerast og drivast i samsvar med dei krava som går fram av løyvet, gjeldande regelverk og elles på ein slik måte at verksemda er teknisk, helsemessig, dyrevernmessig og miljømessig forsvarleg.
§ 15 Kompetanse
Den som er ansvarleg for dagleg drift ved havbeiteverksemd skal ha naudsynte faglege kvalifikasjonar.
§ 16 Driftsplan
Innehavar av løyve skal syte for at det vert utarbeidd driftsplan for havbeiteverksemda.
Kvart år innan 1. oktober skal innehavar av løyve levere inn driftsplan til vedkomande regionkontor til fiskeristyresmaktene. Planen skal gjere greie for drifta dei to neste kalendaråra.
Driftsplanen for det fyrste året skal godkjennast av fiskeristyresmaktene etter samråd med Mattilsynet.
Av planen må minimum gå fram:
- opphav til dyr og kor mange dyr som skal setjast ut, tidspunkt for utsett, kva for ein lokalitet eller lokalitetar eller delar av lokalitet det skal setjast ut på
- eventuelle nye delområde av den godkjende lokaliteten som skal takast i bruk det neste året
- planlagt tidspunkt, metodar og omfang av gjenfangst av havbeitedyr
- planlagde tiltak i samband med sjukdomsutbrot, til dømes brakklegging av lokaliteten
- planlagt bruk av eventuelle anlegg og innretningar, og eventuelt vedlikehald av desse
- planlagde tiltak i samband med predatorkontroll
- eventuelle planar om fôring og andre tiltak etter særskilt søknad jf. § 10.
Fiskeristyresmaktene kan etter søknad godkjenne vesentlege endringar i planen.
§ 17 Melding om driftsoppstart og -stopp.
Innehavar av løyve skal sende melding til fiskeristyresmaktene ved driftsoppstart. Det skal óg sendast melding når drifta vert stoppa.
§ 18 Tilsynsplikt
Innehavar av løyve skal ha jamnleg tilsyn med verksemda. Nærare reglar om dette kan fastsetjast i kvart enkelt løyve.
§ 19 Måleplikt
Fiskeristyresmaktene kan fastsetje i det enkelte løyve at innehavar av løyve skal utføre målingar av den utsette arten. Det nærare innhaldet av måleplikta (kor ofte det skal målast, omfang, m.v.) skal gå fram av løyvet.
§ 20 Journalføring
Innehavar av løyve skal, ved heile tida å føre driftsjournal, kunne dokumentere å ha systematisk oversikt over havbeiteverksemda.
Journalen skal oppbevarast hos innehavar av løyve i minst 5 år, og kan krevjast framlagt av dei styresmaktene som er tillagt mynde etter denne forskrifta.
Journalen skal innehalde:
a) Ved kvart enkelt utsett: art, tal, opphav, alder og storleik på dei utsette dyra, tidspunkt for utsetjing, kor i lokaliteten dei vert utsett og gjennomsnittsvekt.
b) Haustingstidspunkt, haustingskvantum og oppteke kvantum sjuke/daude individ.
c) Handsaming og levering av daude individ, handsamingsmåte, kvantum levert, tidspunkt for levering og mottakar. Dersom det er gjeve løyve til fôring: fôrtype (tørrfôr og våtfôr/mjukfôr), forbruk av fôr, fôrmjøltype, fôrprodusent og fôrmerke.
d) Helsestatus på havbeitedyra
e) Eventuell bruk av legemiddel og kjemikaliar
f) Tiltak mot predatorar.
g) Brakklegging som ein følgje av sjukdom, jf. § 24 andre ledd i forskrifta.
h) Resultat av evt. målingar etter § 19, medrekna tettleik, jf. § 25.
i) Inspeksjonstidspunkt, frekvens og omfang
j) Miljødokumentasjon
k) Eventuelle andre journalføringspliktige tilhøve som går fram av løyvet.
Kvantumsopplysningane skal spesifiserast på tal individ og samla vekt i kg.
Fiskeristyresmaktene kan gjennom enkeltvedtak gje pålegg om at også andre forhold skal journalførast.
§ 21. Helsekontroll
Det skal gjennomførast risikobasert helsekontroll med akvakulturdyr på lokaliteten.
Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom på lokaliteten skal veterinær eller fiskehelsebiolog varslast omgåande, og helsekontroll gjennomførast for å avklare årsaksforhold.
Ved vedvarande auka dødstal skal ny helsekontroll gjennomførast innan 14 dagar, med mindre årsaksforhold er eintydig og avklart.
Når det er teke inn akvakulturdyr i ein lokalitet skal det gjennomførast minst ein helsekontroll før akvakulturdyr blir tekne ut av lokaliteten.
§ 22. Helsekontrollens innhald
Helsekontrollen skal utførast av veterinær eller fiskehelsebiolog. Etter løyve frå Mattilsynet kan det nyttast anna personell med tilsvarande kompetanse.
Ved kvar helsekontroll skal driftsjournalen til lokaliteten granskast. Lokaliteten skal inspiserast. Eit representativt utval av nett daude dyr eller dyr med unormal åtferd skal obduserast og relevante undersøkingar skal gjennomførast.
Ved auka dødstal eller mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom skal det takast ut prøver og gjennomførast undersøkingar for å fastslå årsaka.
§ 23 Tettleik av havbeitedyr
Mattilsynet kan treffe vedtak om maksimal tettleik på havbeitelokaliteten.
§ 24 Uttak av avlsmateriale til bruk i akvakulturverksemd
For å motarbeide sjukdom og smittefare kan Mattilsynet gjennom enkeltvedtak fastsetje nærare føresegner om uttak av avlsmateriale frå havbeitedyr til bruk i akvakulturverksemd, under dette føresegner om drifta ved slike havbeitelokalitetar.
§ 25 Førebygging og motverking av sjukdom
Når det er påvist eller ligg føre mistanke om smittsam sjukdom i havbeiteverksemd, kan Mattilsynet gi pålegg om naudsynte tiltak, under dette avliving og destruksjon.
Ved påvist sjukdom kan Mattilsynet påleggje brakklegging.
§ 26 Omsetting og flytting av havbeitedyr
Mattilsynet kan gje løyve og fastsetje vilkår for omsetting og flytting av havbeitedyr.
§ 27 Merking av havbeitedyr
Fiskeristyresmaktene kan i det enkelte løyvet fastsetje krav om merking av havbeitedyr før utsetjing eller i samband med hausting.
§ 28 Anlegg og innretningar.
Etablering og bruk av anlegg og innretningar på havbotnen kan berre skje i den grad det går fram av løyvet. Slike anlegg og innretningar må formast ut og plasserast slik at dei ikkje utgjer noko trugsmål mot miljøet, jf. § 7 fyrste ledd.
§ 29 Merking av lokalitet
Fiskeristyresmaktene kan påleggje merking av havbeitelokalitet og godkjenne merking etter søknad frå innehavar av løyvet.
Kapittel IV Bruk og utnytting av lokalitet
§ 30 Gjenfangst
Innehavar av løyve til havbeite har einerett til gjenfangst av den utsette arten i lokaliteten. Gjenfangsten skal skje på ein slik måte at den er minst mogeleg til skade for ville bestandar. Bruk av botnskrape og botntrål er forbode.
Innehavar av løyve til havbeite har ikkje einerett til gjenfangst i lokaliteten før havbeitedyr er sett ut.
Det kan fastsetjast nærare reglar i løyvet om gjenfangst av den utsette arten og fangst av predatorar i lokaliteten uavhengig av anna fiskerilovgjeving.
§ 31 Anna bruk og utnytting
Aktivitetar i lokaliteten som kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten er ikkje tillate.
Fylgjande aktivitetar er i alle høve forbodne i lokaliteten dersom dei ikkje er ein del av havbeiteverksemda: garn, landnot, ringnot, ruse, teine og skjellskrape.
Fiskeristyresmaktene kan ved vedtak dispensere frå forboda i andre ledd dersom desse aktivitetane i einskilde tilfelle likevel ikkje kan skade dyra eller hindre gjenfangsten av den utsette arten.
Kapittel V Tilbaketrekking og avvikling
§ 32 Oppryddingsplikt
Den som driv havbeiteverksemd pliktar så langt det er råd å gjenopprette miljøtilstanden i området ved avslutting av verksemda, medrekna å fange inn att dei utsette havbeitedyra. Anlegg og innretningar må fjernast ved avslutting av verksemda. Fiskeristyresmaktene kan setje nærare frist for oppryddinga.
§ 33 Tilbaketrekking og endring
Eit løyve kan bli endra eller trekt attende i samsvar med havbeitelova § 9.
Kapittel VI Avsluttande føresegner
§ 34 Tvangsmulkt og straff
Ved brot på reglar gjeve i denne forskrifta, kan det fastsettast tvangsmulkt til staten, jf. § 14 i lov om havbeite og § 26 i lov om matproduksjon om mattryggleik m.v. (matlova).
Forsettleg eller aktlaustbrot på denne forskrifta eller føresegner og vedtak gitt i medhald av forskrifta, er straffbart etter havbeitelova § 19 og matlova § 28.
§ 35 Gebyr
For handsaming av søknad etter §§ 10 og 13 tredje ledd skal det ikkje betalast gebyr.
For handsaming av andre søknader etter denne forskrifta skal søkjar betale eit gebyr, jf. forskrift av 21. desember 2001 nr. 1597 om innkrevning av gebyrer til statskassen for offentlige oppgaver i forbindelse med oppdretts- og havbeitevirksomhet. Manglande innbetaling av gebyr medfører at søknaden ikkje vert handsama.
§ 36. Tilsyn og vedtak
Fiskeri- og kystdepartementet handhevar føresegna i § 5. Fiskeristyresmaktene handhever føresegnene i § 1, § 2, § 4 til § 20, § 27 til § 33, § 34, § 35 og § 37 fyrste ledd.
Mattilsynet handhevar føresegnene i § 20 til § 26, § 34 og § 37 andre ledd.
§ 37. Dispensasjon
Fiskeristyresmaktene kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 fyrste ledd.
Mattilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene nemnt i § 36 andre ledd såframt at det ikkje vil stride mot Noregs internasjonale plikter, herunder EØS-avtala.
§ 38 Ikraftsetjing.
Denne forskrift tek til å gjelde straks.
ANY/EW