J-88-2012: Forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar

Erstatter: J-165-2010

Endringer: Se utgåtte meldinger

Gyldig fra: 14.04.2012

Forskrift om endring av forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar

Innholdsfortegnelse:

    Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 13. april 2012 med heimel i lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk §§ 1, 2 og 5 og forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar § 4.

    I

    I forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar vert det gjort følgjande endringar:

    § 1 fjerde ledd (endra) skal lyde:

    Forbodet i første ledd mot å utføre viltlevande marine ressursar omfattar ikkje viltlevande marine ressursar hausta av og bringa i land frå fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union. Dette unntaket gjeld fram til og med 30. april 2014 og er avgrensa til fangst bringa i land på nærare angjevne stader og på dei verksemder Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formål, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fiske fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Det er eit viktig vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.

    II

    Denne forskrifta trer i kraft straks.

    Forskrifta lyder etter dette:

    Forskrift om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar

    Heimel: Fastsett ved kgl.res. 30. april 2010 med heimel i lov 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk § 1, § 2 og § 5. Fremja av Fiskeri- og kystdepartementet.

    § 1. Forbod mot tilverknad, omsetning og utførsel

    Det er forbode å tilverke, omsette eller utføre marine ressursar med heilt eller delvis tilhald i sjøen, og som var viltlevande da dei vart hausta, dersom dei ikkje i første hand er omsett gjennom eller med godkjenning av det salslaget som er ansvarleg for omsetninga av den aktuelle arten etter § 2, og som har fått sine vedtekter godkjende av departementet. Forbodet omfattar delar, produkt og biprodukt av viltlevande marine ressursar. Forbodet gjeld ikkje ressursar som er hausta i ferskvatn med unntak for europeisk ål (Anguilla anguilla). Forbodet gjeld ikkje anadrome laksefiskar.

    Forbodet i første ledd gjeld ressursar som er hausta med norske fartøy, same kvar haustinga er skjedd, og ressursar som er hausta frå land i Noreg utanom Svalbard. Forbodet gjeld all fangst bringa i land i Noreg utanom Svalbard frå norsk eller utanlandsk fartøy uavhengig av om fangsten tidlegare har vore omsett på sjøen, med mindre han allereie har vore omsett gjennom eller med godkjenning av det ansvarlege salslaget etter § 2.

    Forbodet i første ledd omfattar ikkje tilverknad av eigen fangst, men omsetning og utførsel av slik sjølvtilverka fangst, og delar, produkt og biprodukt derav.

    Forbodet i første ledd mot å utføre viltlevande marine ressursar omfattar ikkje viltlevande marine ressursar hausta av og bringa i land frå fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i Den europeiske union. Dette unntaket gjeld fram til og med 30. april og er avgrensa til fangst bringa i land på nærare angjevne stader og på dei verksemder Fiskeridirektoratet har godkjent for dette formål, jf. forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fiske fanget av og brakt i land fra EU-fartøy. Det er eit viktig vilkår at dei viltlevande marine ressursane ikkje er fortolla i Noreg, og at dei vert utførde i samsvar med lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel.

    § 2. Ansvarlege salslag

    Norges Sildesalgslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av ansjos (Engraulus encrasicholus), augepål (Trisopterus esmarkii), brisling (Sprattus sprattus), hestmakrell (Trachurus trachurus), kolmule (Micromesistius poutassou), laksesild (Maurolicus muelleri), lodde (Mallotus villosus), lysprikkfiskar (Myctophidae), makrell (Scomber scombrus), polartorsk (Boreogadus saida), sardin (Sardina pilchardus), sild (Clupea harengus), straumsild (Argentina sphyraena), sølvtorsk (Gadiculus argenteus), tobis (Ammodytes tobianus) og annan sil (Ammoditydae), trompetfisk (Macrorhamphosus scolopax), og villsvinfisk (Capros aper).

    Norges Råfisklag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom han vert bringa i land i Nord-Noreg eller Trøndelag, eller på Nordmøre eller Jan Mayen, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

    Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom han vert bringa i land på Sunnmøre eller i Romsdal, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

    Vest-Norges Fiskesalslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom han vert bringa i land i Sogn og Fjordane eller Hordaland, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

    Rogaland Fiskesalgslag er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom han vert bringa i land i Rogaland, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

    Skagerakfisk er ansvarleg for omsetninga i første hand av artar som ikkje er omfatta av første ledd, dersom han vert bringa i land på Sørlandet eller Austlandet, og av europeisk ål (Anguilla anguilla) som vert fanga i ferskvatn i dette området.

    For artar som er omfatta av andre til sjette ledd, og som vert omsett utan at fangsten er bringa i land i eit område som er nemnd i andre til sjette ledd, er staden der det haustande fiskefartøyet er merkeregistrert, eller heimehøyrande dersom det ikkje er merkeregistrert, avgjerande for kva for eit salslag som er ansvarleg.

    § 3. Forbod mot fangst og innskrenkingar i fisket

    Det enkelte salslaget kan fastsetje forbod mot og innskrenkingar i hausting av artar som er omfatta av § 1, når haustinga skjer i fjerne farvatn eller med trål. Det enkelte salslaget kan gjere forbodet gjeldande for fangstar som skal leverast av fartøy som er merkeregistrerte i distriktet til salslaget.

    § 4. Fullmakt

    Departementet kan gjere endringar i denne forskrifta som gjeld unntak frå forbodet i § 1, eller som gjeld ansvarsfordelinga mellom salslaga etter § 2.

    Departementet kan fastsetje forskrifter om samordning av verksemda i dei salslaga som er nemnde i § 2, når det gjeld avtak, produksjon, vidareomsetning mv.

    § 5. Straff

    Den som med vilje eller aktlaust bryt føresegner som er fastsette i forskrifta her, vert straffa med bøter. På same vis vert medverknad og forsøk straffa, jf. råfisklova § 9.

    § 6. Ikraftsetjing

    Denne forskrift trer i kraft 1. juli 2010. Frå same tid vert forskrift 29. juni 1990 nr. 485 om førstehåndsomsetningen av råfisk og forskrift 17. september 1990 nr. 795 om førstehåndsomsetning av sild gjennom Skagerakfisk S/L oppheva.

     ES/EW