Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Krav om posisjonsrapportering og rapportering av aktivitet

Fiskeridirektoratet minner om krav om posisjonsrapportering (VMS) og elektronisk rapportering (ERS) som vart innført 1. juli 2023 for fartøy over 10 meter.

Fartøy som enno ikkje har skaffa seg nødvendig ustyr må sørge for dette i god tid før planlagt bruk av fartøyet og planlagt fiskeriaktivitet. Det er framleis rundt 300 fartøy som ikkje har skaffa nødvendig utstyr.

POR-melding på seddel

For fartøy som har krav om elektronisk rapportering (ERS) skal meldingsnummer (RN) for melding om hamneanløp (POR) vera oppført på seddel. Salslaga og mottaksanlegga skal sørge for at det er rutinar for oppføring av meldingsnummer (POR-melding) på seddel.

Handheving av regelverket

Fiskeridirektoratet, saman med andre myndigheiter, kjem no til å ha fokus på fartøy i bruk som ikkje har installert VMS og ikkje bruker ERS ved fiskeriaktivitet. Vert det registrert seddel på eit fartøy som ikkje har VMS og ERS vil det blinka raudt i systema til Fiskeridirektoratet, og saka vil bli følgt opp med trinnvis handheving.

I løpet av det fyrste året etter kravet har trådd i kraft er det viktigaste at ansvarshavande om bord vert kjent med rapporteringskrava. I tilfelle der fangst vert rapportert feil, vil det i denne perioden vere lov å gjere feil – og Fiskeridirektoratet vil hjelpa deg med rettleiing.

Fiskeridirektoratet vil difor i innføringsfasen ha hovudfokus på om ustyret er installert og at meldingar vert sendt. Dersom fangst bevisst eller gjentatte gonger vert rapportert feil, vil Fiskeridirektoratet vurdere reaksjonar. Me oppmodar difor alle til å gjere seg kjent med informasjon om rapportering på havet.

Meir om rapportering på havet

Oppdatert: 01.11.2023