Pass på – unngå sprenging!
Det er stor aktivitet i kolmulefisket og store deler av kolmuleflåten er i full sving på felta vest av Irland. I helga vart det registrert sprenging av trål på feltet, og Fiskeridirektoratet ber om generell aktsemd i fisket.
Kolmulefisket er ein svært krevjande og tøff aktivitet. Fisket føregår langt til havs, ofte i heftige vinterstormar. Kolmule er ein stimfisk som lever pelagisk, 100 – 600 meter under havflata, noko som gir stor risiko for sprenging av fangstsekken på grunn av for store fangster kombinert med for rask oppstigning og slitt/gamal fangstsekk.
I helga fekk eitt av fartøya på feltet vest av Irland øydelagt trålen, truleg av for stor fangst. Dette førte til at store deler av fangsten gjekk tapt. I alt er det for tida ca 35 norske fartøy som fangstar kolmule vest av Irland. I tillegg er det fartøy frå Island, Færøyene, EU og Russland på dei same felta.
Til stades
Både Fiskeridirektoratet og Kystvakten er på fiskefelta vest av Irland for å observere og føre kontroll med fisket etter kolmule som tradisjonelt føregår i dette værharde området i vintermånadene.
Inspektørane i Fiskeridirektoratet melder at været har satt ein del begrensingar på fisket så langt. Men dersom været betrar seg og fleire fartøy dukkar opp på fangstfelta, vil risikoen for uhell fort auke.
Ber om aktsemd
Sprenging av sekk i kolmulefisket skjer gjerne ved at fangstsekken blir full svært fort og før sensorane for full sekk slår ut. Inspektørar i Fiskeridirektoratet har merka seg at enkelte monterer sensoren for full fangstsekk for langt bak på trålen, og då kjem varselet om full sekk kanskje for seint dersom fangstsekken vert fylt opp fort.
I tillegg er det risiko for uhell dersom trålen blir heva til overflata for fort. Svømmeblæra til kolmula vil då bli fylt med luft slik at fangstvolumet aukar og presset på fangstsekken blir for stort og den vert sprengt. Gamal og slitt fangstsekk utgjer også ein risiko for sprenging og tap av store mengder fisk.
Fiskeridirektoratet oppmodar difor flåten om følgande:
- Utvis aktsemd i fisket
- Hev trålen sakte
- Vær ekstra merksam om fangstsekken er gamal
Dersom uhellet er ute og det fører til skade på sekk eller trål og eventuell neddreping av fisk er det viktig at det blir rapportert om dette. Slike meldingar skal rapporterast på ERS-systemet (Elektronisk rapporteringssystem).
Løysing kan redusere risikoen
Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet har i lang tid arbeidd med å finne tekniske løysingar som skal redusere risikoen for sprenging av kolmuletrål. Systemet har vore testa i kommersielt fiske og viser gode resultat. Dette vil bli omtalt i eigen artikkel.