Rapporteringskrav usatt for fartøy under 10 meter
Rapporteringskravet for fiskeflåten mellom 8 og 10 meter er utsatt til 1. januar 2026. Det har fiskeri- og havministeren bestemt.
I utgangspunktet skulle alle fiskefartøy mellom 8 og 10 meter omfattast av kravet til elektronisk rapportering (ERS) frå 1. januar 2025. Men det er no utsett eitt år.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss viser i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet til at fiskarane står overfor tøffe tider med historisk låge kvotar på viktige fiskebestandar, og at innføring av ERS ville føre til auka driftskostnader i vanskelege tider.