Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Oppreinskingstokt på fiskefelta i 2024

Vi gjennomfører oppreinsking etter tapte fiskereiskap i år også. Toktet startar utanfor Ålesund 7. august med M/S «Vikingbank».

Dette arbeidet er viktig for å redusere marin forsøpling og skjulte uttak av fisk og skaldyr.

Roten blåkveite i garnlenke. Foto: Fiskeridirektoratet
Roten blåkveite i garnlenke. Foto: Fiskeridirektoratet

Toktet i 2024 er noko redusert og det vil ikkje bli gjennomført oppreinsking etter snøkrabbeteiner. Det vil heller ikkje blir gjort oppreinsking i Aust-Finnmark. Vårt eige fartøy «Fjorgyn» vil dekke Aust-Finnmark. 

Stor kapasitet

Det er tredje året M/S «Vikingbank» gjennomfører dette toktet. Fartøy og mannskap representerer ein stor oppreinskingskapasitet, gjennom erfaring, god lagerplass og utrustning.

– Gjennom oppreinskingstoktet blir det arbeidd døgnet rundt under tilnærma alle vêrforhold. Så langt det lar seg gjere vil vi prøve å levere tilbake funn, så lenge dette ikkje påverkar framdrifta i nemneverdig grad, seier seniorrådgjevar Gjermund Langedal i miljøseksjonen.

Meld frå                                                                             

Kval som sit fast i garn. Foto: Fiskeridirektoratet
Kval som sit fast i garn. Foto: Fiskeridirektoratet

Hugs at tap av fiskereiskap skal meldast dersom du sjølv ikkje finn igjen fiskereiskapen med eigne gjenfinningsforsøk. Dersom du planlegg eigne gjenfinningsforsøk «seinare», så meld reiskapen tapt først. Då unngår du at andre fiskarar set seg fast i ditt tapte reiskap. Dette gjeld for alle fiskeri, men er særleg viktig med tanke på den høge aktiviteten på blåkveitefeltet i år.

 For å utnytte oppreinskingskapasiteten best mogleg, er det viktig å hugse å melde frå om alle tapte fiskereiskap gjennom Barentswatch. Dersom dette ikkje lar seg gjere; ta direkte kontakt med oss, oppfordrar Langedal.

 

Oppdatert: 10.06.2024