Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fellesaksjon avslørte ulovleg hummarfiske

I midten av september gjennomførte Fiskeridirektoratet og Statens Naturoppsyn (SNO) ein felleskontroll nord på Smøla i Møre og Romsdal, som avdekka til saman 22 ulovleg fangsta hummarar.

I skjærgarden nordvest på Smøla vart det funne to samleposar med hummar på om lag fem meters djup.

– Vi antar at dette er hummar fangsta i torskeruser og ulovleg oppbevart med tanke på svartsal eller «lovleg» sal etter 1. oktober då hummarfiske er lovleg, seier seniorinspektør Glenn Lee McMaster i Fiskeridirektoratet.

beslag ulovleg fangsta hummar
Beslag av hummar, foto: SNO

Alvorleg

Det var høvesvis 3 og 19 hummarar i dei to posane og posane var ikkje merka slik det generelle kravet til reiskap er. Fredingstida for hummar varer til 1. oktober og Fiskeridirektoratet mottar årleg meldingar om ulovleg fangst av hummar før fangstperioden startar 1. oktober kl. 08:00.

– Fiskeridirektoratet ser svært alvorleg på slik aktivitet og vi minner om at hummar er ein trua art. Saka vil bli politimeldt, seier McMaster.

I tillegg til ulovleg hummarfangst er slike saker også ei dyrevelferdssak. I den eine samleposen var det teikn på kamp på liv og død etter funn av fleire avrevne hummarklør.

Oppdatert: 17.09.2024