33 lag skal merke makrellstørje i år
Meir enn 70 lag har fått løyve til å delta i rekreasjonsfiske etter makrellstørje
Av desse er det 41 haustelag og 33 merkelag. Det er noko meir enn i fjor, då var det 27 haustelag og 33 merkelag, som fekk drive merk, slepp og rekreasjonsfiske etter makrellstørjefiske.
Merkelag og haustelag
Merkelag: Driv merking av makrellstørje. Laget kan merke så mange størjer dei klarer. Alle lag kan ta ei makrellstørje til eige bruk. Dei kan ikkje omsetje fisk.
Haustelag: Driv kommersielt fiske etter makrellstørje.
Merk- og sleppfisket er eit samarbeid med Havforskingsinstituttet. I år har 60 prosent av laga fått løyve til å merke makrellstørje.
For å sikre at dyrevernomsyn er ivaretekne må dei laga som skal delta i merking ha ekstra kompetanse, som erfaring med å handtere stor fisk og merking og utslepp av fisk.
For å delta i makrellstørjefiske må du vere registrert i ein mannskapspool. I fjor var det 6-700 med i denne poolen, og den som er leiar for eit lag kan velje mannskap frå denne poolen.
– Makrellstørjefisket er delt i rekreasjonsfiske og kommersielt fiske. Alle løyve er tildelte, men sidan det er mest størje i perioden august-oktober er det få båtar som fiskar så tidleg på året, seier rådgjevar i seksjon fiskeriregulering Guro Kristoffersen Lysnes.
Fiske etter makrellstørje er populært, men vi tek ikkje den fastsette kvoten vår, som er på 386,4 tonn.
For småskala kystfiskefartøy er det maksimalt 25 fartøy som kan delta. 24 har søkt innan fristen og fått løyve.
Fartøy som fiskar størje med not og line står på ei rulleringsliste. Åtte fartøy står på denne lista; sju not- og eit linefartøy.
Til saman er det altså 32 fartøy som får drive kommersielt fiske etter makrellstørje i år.
Les meir om fiske etter makrellstørje.