12. juli startar fiske etter leppefisk
Pass på at teinene er utforma riktig og at dei vert røkta dagleg.
Som fritidsfiskar kan du bruke maksimalt 20 teiner. Du må ha leveringsavtale for å kunne delta i fisket.
– Reglane for fisket er dei same som i fjor, men set deg likevel inn i reglane for m.a. fluktopning, inngangssperre og rømmingshol, merking og røkting, seier rådgjevar ved seksjon fiskeriregulering Guro Kristoffersen Lysnes.
Som yrkesfiskar kan du fiske med inntil 100 teiner frå og med Sverige til og med Agder per fartøyeigar. På kyststrekningen frå og med Rogaland og nordover kan du bruke inntil 400 teiner per fartøyeigar.
Skjema for påmelding til fisket finn du på nettsidene våre.