Sårbare havdjup

Noreg går føre i arbeidet for å verne sårbar havbotn mot fiske med botnreiskap. 800 000 kvadratkilometer havbotn, eller 38 prosent av alle norske farvatn, er no verna. Til samanlikning er Noregs fastlandsareal om lag 324 000 kvadratkilometer.

Alle fiskeri set fotavtrykk, det vil seie at dei påverkar marine organismar sine leveområde (habitat) og økosystem. Spesielt habitata og økosystema på djupt hav er utsette for varige skadar.

Med bakgrunn i ei ”føre-var–tilnærminga” er all havbotn djupare enn 1000 meter definert som sårbar. På slik botn kan fiskereiskap føre til stor skade på habitata.

Habitata på havbotnen i store delar av Norskehavet er verna. Noreg har gått føre ved å innføre reglar som gjev same vern for sårbare habitat i eit heilt havområde som er delvis nasjonalt og delvis internasjonalt farvatn. Området dekker til saman om lag 1 118 000 kvadratkilometer.

Strenge krav

Tidlegare var det tillate å fiske med reiskapar som rører botn på slike djup. No er slikt fiske ikkje tillate utan eit spesielt løyve, og det blir stilt strenge krav for å utskrive eit slikt løyve. Blant anna skal det leggjast fram detaljerte planar for prøvefisket, der det skal gå fram korleis skade på sårbare habitat og økosystem skal unngåast.

Det skal òg sendast detaljerte rapportar til Fiskeridirektoratet, som kan påleggje fartøya å ha observatør om bord. I tillegg til botntrål omfattar reglane òg fiske med garn og line.

Flytteplikt

Sårbare habitat på grunnare vatn enn 1000 meter er og beskytta. Alle fiskefartøy må føre nøye oversikt over kontakt med sårbare habitat under fiske heilt inn til fjæresteinane.

For kvar fiskeoperasjon skal det bereknast om det har vore ein samanstøyt med eit sårbart habitat på botnen. Dersom det kjem opp meir enn 60 kilo levande korall eller 800 kilo levande svamp, må fartøyet rapportere hendinga til Fiskeridirektoratet og flytte seg minst to nautiske mil før fisket kan takast opp att.

Det finst sårbare habitat på havbotnen mange stader og vi treng ytterlegare kunnskap om kor dei er. Tilbakemeldingane skal gje forvaltinga meir kunnskap samstundes som flytteplikta gjev habitata eit betre vern enn i dag. Kunnskapen om kor habitata er spreiast til næringa.

Byggjer på internasjonale reglar

I 2006 oppfordra FN verdas fiskerinasjonar om å verne sårbare marine habitat på havbotnen mot øydeleggjande fiskemetodar.

Dei to regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane i det nordlege Atlanterhavet, Den nordøstatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) og Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) har vedteke reglar for å beskytte sårbare habitat på botnen mot øydeleggjande fiskeriaktivitet.

Botnhabitat i Smutthavet, det vil seie den delen av Norskehavet som er internasjonalt farvatn, er dermed allereie beskytta av NEAFC sine reglar. Området dekkjer om lag 318 000 kvadratkilometer. Dei nye norske reglane byggjer på reglane til denne organisasjonen.

Oppdatert: 19.05.2015