Verksemdstrategi

Strategien skal styrke evna vår til å løyse samfunnsoppdraget, og gi felles retning for arbeidet vårt, no og i framtida.

Strategien gjeld frå 2024, og har ein fleirårig tidshorisont.

Visjon og verdiar

Fiskeridirektoratets visjon er «Livet i havet – vårt felles ansvar». Våre verdiar er Kompetent, Tillitvekkande og Tydeleg. 

Satsingsområde

Våre fem satsingsområde er berekraft, digitalisering, kompetanse, brukarvenleg og organisasjonsutvikling. 

Berekraft

Vi skal bevare artsmangfald, redusere marin forsøpling, bidra til berekraftig sjømatnæring og redusere fotavtrykket<em>.</em>

#berekraft

  • Vi skal innhente kunnskap, gi råd og implementere ei berekraftig forvalting av artsmangfaldet i havet
  • Vi skal utvikle digitale verktøy for betre grunnlag for avgjersler om artsmangfald
  • Vi skal aktivt ta del i berekraftsertifiseringa
  • Vi skal fortsette våre oppryddingstokt, og kommunisere offentleg kva som vert rydda og kvar
  • Vi skal styrke samarbeidet med næringa og lag/organisasjonar om marin forsøpling
  • Vi skal gjennomføre offentlege haldningskampanjar mot marin forsøpling
  • Vi skal bidra til å synleggjere klimaavtrykket i næringane og bidra til eit klimanøytralt regelverk
  • Vi skal utvikle gode verktøy for kontroll, tilsyn og rettleiing, for å sikre etterlevinga av regelverket
  • Vi skal samarbeide med næringane om berekraftig sameksistens
  • Vi skal redusere klimaavtrykket frå direktoratet og sikre berekraftig drift
  • Vi skal gjere eit kompetanseløft i direktoratet for berekraftforståinga
  • Vi skal syneiggjere effektane av forvaltinga i eit berekraftperspektiv

Digitalisering

Vi skal bruke ny teknologi, ha ein sterk sikkerheitskultur, gi gode brukaropplevingar og dele data<em>.</em>

#Digitalisering

  • Vi skal vere modige og nysgjerrige og ta i bruk ny teknologi og kunstig intelligens
  • Vi skal hente ut gevinstar og effektivisere forvaltinga gjennom digitalisering
  • Vi skal velge berekraftig teknologi og minske miljøavtrykket
  • Vi skal ivareta konfidensialitet, tilgjengelegheit og integritet for våre brukarar
  • Vi skal sikre at vi veit kva data vi kan dele, og kven som får tilgang til kva
  • Vi skal vidareutvikle dagens rutinar og opplæring av tilsette i sikkerheit
  • Vi skal fremme digitalt medborgarskap og alle våre tenester skal vere samanhengande
  • Vi skal utvikle tenester gjennom effektiv sjølvbetening og automatisering
  • Vi skal lage digitale løysinger som er enkle å bruke og lett tilgjengelge
  • Vi skal ha effektiv informasjonsdeling mellom samarbeideade tredjepartar
  • Vi skal sikre at informasjonen vi samlar inn fremmer kunnskap hos dei vi deler data med
  • Vi skal vere til stades i offentlegheita med fakta

Kompetanse

Vi skal vere ein attraktiv arbeidsplass, ta kunnskapsbaserte avgjersler, ha kompetente fagmiljø, samarbeide og dele kunnskap.

#Kompetanse

  • Vi skal tiltrekke oss kompetente og kunnskapsrike medarbeidarar
  • Vi skal ha målretta rekruttering og kompetanseheving
  • Vi skal identifisere framtidige kompetansebehov
  • Vi skal vere ein kunnskapsleverandør med høgt truverd
  • Vi skal vere oppdaterte på ny kunnskap og samfunnsutviklinga
  • Vi skal ha effektiv behandling og læring av klagesaker
  • Vi skal behalde og vidareutvikle eksisterande kompetanse
  • Vi skal vere gode på å hente inn kunnskap og kompetanse
  • Vi skal ha høg digital kompetanse
  • Vi skal samarbeide på tvers i direktoratet og dele kunnskap og erfaring
  • Vi skal etablere gode samarbeidsarenaer med eksterne aktørar
  • Vi skal vere nysgjerrige og søke ny kunnskap

Brukarvennlig

Vi skal vere open, relevant, utvikle effektive tenester og forenkle.

#Brukervennleg

  • Vi skal forstå og involvere brukarane
  • Vi skal ta inn brukarperspektivet i utvikling av digitale løysingar
  • Vår bodskap skal vere tydeleg og einskapleg
  • Vi skal dele alle data vi kan dele
  • Vi skal formidle kunnskap
  • Vi skal fulltekstpublisere alle dokument vi kan dele
  • Vi skal utvikle gode sjølvbeteningsløysningar
  • Vi skal etablere og kommunisere mål for saksbehandlingstid
  • Vi skal jobbe vidare med å sikre likebehandling
  • Vi skal ha ein heilskapleg strategi for alle kanalane vi informerer i
  • Vi skal bruke klart språk
  • Vi skal gjere det enkelt for brukarne å finne relevant informasjon

Organisasjonsutvikling

Vi skal bygge felles organisasjonskultur, og jobbe systematisk med god internkommunikasjon.

#Organisasjonsutvikling

  • Vi skal jobbe for kontinuerleg forbeering gjennom systematisk evaluering og konstruktive tilbakemeldingar
  • Vi skal vidareutvikle våre etiske retningsliner og sikre at vi dokumenterar det vi gjer
  • Vi skal utvikle ein positiv kultur for å melde avvik og forbetre oss
  • Vi skal jobbe for god informasjonsflyt og internt samarbeid på alle nivå i direktoratet
  • Vi skal ha leiarar som legg til rette for god medarbeidarutvikling, og er trygge på fjernleiing
  • Vi skal systematisk måle effekten av, evaluere og forbeere internkommunikasjonen vår

Om Fiskeridirekoratet

Fiskeridirektoratet er myndigheitenes rådgjevande og utøvande organ innan fiskeri- og akvakulturforvalting i Norge. Direktoratet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. 

Vårt samfunnsoppdrag er å fremme lønsam og verdiskapande næringsaktivitet, gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.

Les meir om vårt samfunnsoppdrag 

Oppdatert: 15.01.2024