Generelle reglar
Ei kjapp innføring i regelverket som gjeld for fritidsfiske. Meir detaljert informasjon om reglane finn du til dømes under reiskap og artar.
Som fritidsfiskar kan du bruke:
- Handsnøre, fiskestong og liknande handhaldne reiskapar
- Ei maskindriven jukse eller dorg
- Garn med samla lengde inntil 210 meter. Fiskar du etter torsk, kan samla garnlengde berre vere inntil 165 meter
- Liner med inntil 300 anglar
- Inntil 20 teiner eller ruser til saman - per person og per fartøy
Reiskaps-avgrensingane
Reglane gjeld for alt fiske frå land, eller frå båt som ikkje er registrert i Fiskeridirektoratets fartøyregister:
- Det kan ikkje brukast fleire reiskapar enn angjeve uansett om det er fleire personar i båten eller om du har fleire båtar. Reglane gjeld per person og per båt.
- I fisket etter makrell kan ikkje den maskindrivne dorga ha meir enn 10 anglar
- Det gjeld særskilte reglar for teiner , ruser og garn
- Du må ikkje la reiskapar, fortøyingar og andre gjenstandar stå igjen i sjøen eller på botnen utan grunn
- Det er forbode å fiske nærmare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg
- Det er ikkje tillate å bruke levande dyr eller fisk som agn
- Det kan gjelde særskilte lokale avgrensingar, som for eksempelvis torskefisket i Lofoten, fiskeforbod etter torsk i Oslofjorden eller lysfisket i Skagerrak.
Ansvar for andre sine reiskapar
Dersom du kjem til eit område der reiskap er sett ut, pliktar du å gjere deg kjent med kvar reiskapen står.
Du må ikkje manøvrere eller plassere båten slik at du skadar reiskap, eller slik at du hindrar andre sine moglegheiter for fangst.
Dersom du skadar andre sin reiskap, som er sett i sjøen for fangst, må du erstatte skaden. Dette gjeld også tap av fangst og tap som følge av avbrot i fisket.