Teiner

Oppdatert: 18.10.2018

Du kan fiske med inntil 20 teiner. Talet på teiner kan altså til saman ikkje vere meir enn 20 per person og per fartøy - uansett om du har fleire båtar eller de er fleire om bord. 

Talet på teiner du kan bruke vert ytterlegare avgrensa dersom du også fiskar med ruser. Les meir om dette under omtalen av ruser.

Eksempel:

  • Éin person kan berre bruke 20 teiner eller ruser sjølv om han fiskar med tre fartøy
  • Tre personar kan berre fiske med 20 teiner eller ruser dersom dei fisker frå same båt

I hummarfisket er avgrensinga på 10 hummarteiner. Denne avgrensing gjeld også per person og per fartøy. Men du kan i tillegg nytte inntil 10 andre teiner - for eksempel krabbeteiner.

Alle teiner og ruser skal merkast tydeleg med namn og adresse på minst eit av vaka/ei av blåsene. 

Ver klar over dei strenge reglane for å fiske med ruser.

Teiner kjem i mange variantar, og definisjonen på kva type teine det er blir i praksis avgjort av bruken. Det vil seie korleis og kvar du set teina og kva artar du fiskar etter.

Røkting

Teiner som vert nytta til fangst av kongekrabbe eller hummar skal røktast minst éin gong per veke, medan teiner som vert nytta til fangst av snøkrabbe skal røktast minst ein gong kvar tredje veke.

Teiner som vert nytta til fangst av leppefisk skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og heilagdagar.

Teiner til hummarfiske

I teiner som er sett ut for fangst av hummar, skal det vere minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Opningane må vere minst 60 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut. Samtidig må ikkje opningane vere lenger nede enn at det er fri passasje gjennom når reiskapen står i sjøen.

Hummer. Foto © Fiskeridirektoratet

Alle teiner skal i tillegg til minst to fluktopningar også ha minst eitt rømmingshol, som vert halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd.

Det er påbode å bruke nedbrytbar bomullstråd i hummarteiner. Tråden skal virke slik at dersom du mister teina vil bomullstråden løyse seg opp etter ei viss tid, noko som gir fridomen tilbake for innestengte individ. Gamle teiner vil framleis kunne brukast ved å ettermontere bomullstråden.

Monteringsbeskriving for bomullstråd i hummarteiner

Teiner som står i sjøen til fangst av hummar skal ha minst eitt vak som er tydeleg merkt med fiskarens deltakarnummer, namn og adresse (for yrkesfiskarar: fartøyets registreringsmerke). Teinene kan framleis settast fleire i lenke. 

Det er ingen krav til minimumsdjupn for teiner i hummarfisket.

Teiner til krabbefiske

Frå svenskegrensa til og med Tysfjord kommune i Nordland skal teiner, som er sett ut for fangst av krabbe, ha minst to sirkelforma fluktopningar - ei på kvar side av reiskapen/kammeret.

Opningane må vere minst 80 millimeter og plasserte nede ved botnen slik at hummar og småkrabbe lett kan ta seg ut. Samtidig må ikkje opningane vere lenger nede enn at det er fri passasje gjennom når reiskapen står i sjøen.

Teiner til fisk og sjøkreps

Teiner som er sett ut for å fange fisk eller sjøkreps kan nyttast heile året, og det er ikkje krav til fluktopningar eller djupn for slike teiner.

Men dersom du set teinene slik at dei truleg ikkje berre fangar fisk og sjøkreps, men også hummar eller krabbe, skal teinene vere utstyrte med fluktopningar.

Film om lovlege reiskapar i fritidsfiske