Personvern på fiskeridir.no, nyheitsbrev og i sosiale medium

For å forbetre nettsidene våre, samlar vi inn informasjon om bruksmønsteret til besøkande. 

Webanalyse og informasjonskapslar

Matomo

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøker nettstaden. For å analysere informasjonen bruker vi Matomo (matomo.org) (åpnes i ny fane)

Dette verktøyet bruker informasjonskapslar/cookies som registrerer IP-adressene til brukarane. Slik skaffar verktøyet informasjon om bruksmønster, type nettlesar, operativsystem og breibandsleverandør. Bruksmønsteropplysingar vert brukte i aggregert form til analyseformål for å forbetre nettsidene.

Alle innsamla data vert anonymiserte, og kan derfor ikkje bli spora tilbake til enkeltbrukarar. 

Behandlingsgrunnlaget for lagring av slika data er GDPR artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å ivareta ei rettmessig interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å forbetre tenestene våre.

Skyra

Vi brukar Skyra (skyra.no) (åpnes i ny fane) for å måle brukaropplevinga på nettsida. Skyra hjelper oss å forstå kvifor nettstaden blir besøkt, slik at vi kan skape betre tenester som gir auka brukartilfredsheit. Ein del av tenesta er ei spørjeundersøking. Undersøkinga samlar inn både svar og einingsdata frå dei som frivillig vel å svare. Undersøkinga har ikkje som føremål å samle inn personopplysningar, bortsett frå dersom vi inviterer til brukartesting. Alle data blir lagra i Europa. Skyra behandlar data i tråd med si personvernerklæring, som du kan lese her (skyra.no) (åpnes i ny fane).

Endre innstillingar for informasjonskapslar

Her kan du endre samtykket ditt.