Rømmingshol i teiner
Det er krav til rømmingshol i alle teiner som blir brukte i fiske etter sjøkreps, krabbe, hummar og kongekrabbe – både i fritidsfiske og yrkesfiske.
Kvifor rømmingshol?
Kunnskap frå arbeidet med oppreinsking av gjenståande og tapte teiner har vist at dette er fangstfeller som kan fortsette å fiske i fleire år. Dette vert understøtta også av forsking. Derfor er det å raskt finne att tapte teiner viktig. Å finne att tapte teiner kan vere vanskeleg, og vi erfarer at det er stor variasjon i kor mykje innsats som vert lagt i dette.
Blir ikkje teinene funne att er det viktig å melde frå om tapet. Då aukar sjansen for at dei kan bli funne att. Sjølv om det blir meldt frå, så kan teinene bli ståande i lang tid. Derfor er det viktig at vi har løysingar som etter en tid stopper spøkelsesfiske i kvar enkelt teine. Disse løysingane kallast rømmingshol og må ikkje forvekslast med fluktopning. Sistnemnde er permanente opningar, som gjer det mogleg for små individ å kome ut av teina.
Innføring av rømmingshol
Det er no fleire år sidan vi starta innføringa av rømmingshol i teinefiske etter hummar, og det vert arbeidd mot løysingar for alle teinefiskeri. Dette løyser ikkje utfordringa med forsøpling av havet, men det er ei løysing som reduserer unødig skjult skattlegging gjennom spøkelsesfiske.
Gjennom denne første fasen med innføring av rømmingshol, skal alle ha løysingar som passar for sine eksisterande teiner, som vert brukte av både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar.
I neste fase vil teineprodusentane bidra til å utvikle løysingar for rømmingshol, som i større grad er integrerte i den enkelte teinetypen, og det vil då kome enklare løysingar for den enkelte brukar.
Bomullstråd som rotnetråd
Fiskeridirektoratet har innført eit klart og generelt skilje mellom tillaten trådtjukkleik i fritidsfiske og yrkesfiske. I fritidsfiske kan det brukast bomullstråd som er inntil 3 mm i diameter, mens i yrkesfiske er det tillate med inntil 4 mm i diameter. Det er grunngjeve med meir slitasje og eit betydeleg fleire einingar i yrkesfiske.
At bomullstråd har ulik tjukkleik inneber også at dei vil ha ulik nedbrytingstid i sjøen, men bomullstype og metode for korleis tråden er laga kan også påverke varigheit og slitasjestyrke på tråden.
Krav om rømmingshol i teiner i fiske etter ulike artar
Sjøkreps
Fritidsfiske
Krav til rømmingshol i teiner i fiske etter sjøkreps, som blir brukte av fritidsfiskarar, blei innført frå 1.1.2022.
Monteringsbeskriving for rømmingshol i teiner for fritidsfiskarar i fiske etter sjøkreps
Yrkesfiske
Krav til rømmingshol i teiner i fiske etter sjøkreps, som blir brukte av yrkesfiskarar, blir innført frå 1.7.2022.
Monteringsbeskriving for rømmingshol i teiner for yrkesfiskarar i fiske etter sjøkreps
Taskekrabbe og hummar
Yrkesfiske
Krav til rømmingshol i teiner som blir brukte av yrkesfiskarar i fiske etter taskekrabbe blei innført frå 1.7.2022.
Krav til rømmingshol i teiner som blir brukte av yrkesfiskarar i fiske etter hummar blei innført 1. januar 2018.
Monteringsbeskriving for rømmingshol i teiner for yrkesfiskarar i fiske etter hummar og taskekrabbe
Fritidsfiske
Krav til rømmingshol i teiner som blir brukte av fritidsfiskarar i fiske etter taskekrabber blei innført 1. oktober 2019.
Krav til rømmingshol i teiner som blir brukte av fritidsfiskarar i fiske etter hummar blei innført 1. januar 2018.
Kongekrabbe
Krav til rømmingshol for fiske av kongekrabbe i kvoteregulert område blei innført frå 1.3.2022.
Krav til rømmingshol for fiske av kongekrabbe utanfor kvoteregulert område blei innført frå 1.7.2022.
Monteringsbeskriving for rømmingshol i teiner til fangst av kongekrabbe
Leppefisk
Monteringsbeskriving for rømmingshol i teiner og ruser til fangst av leppefisk (lovdata.no)
Merking av fiskereiskap for fritidsfiskarar
For fritidsfiskarar minner vi også om kravet til merking av sjølve fiskereiskapen.