Plast i havet
Plast og ikkje-organisk materiale på avvegar i havet er eit globalt problem. Det utgjer eit trugsmål mot det marine miljøet og dyrelivet, og framtida for havet som matfat.
Marin forsøpling vert definert som alt solid, prosessert materiale frå menneskeleg aktivitet som er på avvegar i det marine miljø. Dette inkluderer fleire ulike materialar, men veldig mykje av forsøplinga er plast. Plast har svært lang nedbrytingstid, noko som gjer at plasten som forsvinn på havet blir liggjande i lang tid, og vert etterkvart broten ned i mindre plastfragment som til slutt blir klassifisert som mikroplast (plastgjenstander < 5 mm).
I det marine miljøet kan organismar feilaktig ta plast for å vere mat og innta det, eller vikle seg inn og sette seg fast i plastgjenstandar. Forsøpling kan også fysisk påvirke, forstyrre eller øydelegge havbotnen og strandsona. I tillegg kan menneske bli eksponert for mikroplast eller giftstoff frå plasten via sjømat dersom plasten inngår i den marine næringskjeda. For å sørge for sunne og reine hav i framtida, er det altså svært viktig å arbeide for å stoppe, redusere og fjerne marin forsøpling.
Plast inngår som ein sentral del i det meste av utstyr som vert brukt av yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og i havbruksnæringa. I nordiske havområder er avfall frå desse aktivitetane overrepresentert i svært mange tilfelle av strandsøppel, og vi veit at mykje av avfallet frå næringane og fritidsfiske søkk til botnars. Sjølv utstyr eller reiskap som vert mista ubevisst eller ved uhell, og slitasje på plastutstyr som fører til spreiing av mikroplast vert rekna som marin forsøpling.
Som forvalningsmyndigheit for yrkesfiske, fritidsfiske og havbruk ynskjer Fiskeridirektoratet å arbeide for at forsøpling frå desse vert redusert.
Forsøpling i fiskeria
Gjenstandar som kan sporast til kommersielt fiskeri utgjer ein stor del av forsøpling/avfallet som vi finn langs kysten vår. Dette avfallet kan for eksempel vere tau og taubitar, slitasjefragment frå fiskereiskap og heile fiskereiskap som har hamna på sjøen.
Tap av hele reiskap under fiske er uønska og uheldig av ei rekkje årsaker, og grunnane til at reiskap går tapt varierer mykje. Faren for å miste reiskap varierer også mykje med kva for type reiskap det er snakk om.
«Passive» fiskereiskap
Generelt sett er risikoen større ved bruk av «passive» fiskereiskapar, som til dømes garn, teiner og line, enn ved bruk av «aktive» fiskereiskapar som trål og snurpenot. Dette er fordi dei passive fiskereiskapane vert etterlatt i sjøen som ein del av fiskemetoden. Når til dømes garn vert mista i sjøen kallar vi det gjerne for spøkelsesgarn, og dei kan drive spøkelsesfiske i lang tid. Fiskeridirektoratet driv årlege opprenskingstokt for tapte fiskereiskap.
Aktive fiskereiskapar er i kontakt med fiskebåten til ei kvar tid, og det vil difor vere sjeldnare at desse reiskapene går tapt. Derimot er komponentar frå desse reiskapene, som for eksempel avkappa taustumpar frå trål/not som følge av reparasjonar på dekk, ei kjelde til forsøpling..
Forsøpling i fritidsfiske
Fritidsfiske er populært i Noreg. Ifølge Statistisk Sentralbyrå (SSB) seier rundt 1/3 av nordmenn at dei fisker i sjøen kvart år. Det er avgrensingar på både type og mengde reiskap ein kan fiske med i fritidsfiske. Likevel trur vi at fritidsfiske er ei stor kjelde til marin forsøpling, med tap av garn og teiner som dei største utfordringane.
Manglande kunnskap om riktig bruk er truleg ei viktig årsak til mykje tap av fiskereiskap i fritidsfiske. Det er difor tilrådd å tileigne seg tilstrekkeleg kunnskap om reiskapen før ein skal ut og fiske, og ha kjennskap til for eksempel djupn og botntilhøve i området. Det er også viktig at utstyr som tau er i god stand og ikkje står i fare for å ryke, og at knutar på reiskapen er sikre.
Hvordan redusere faren for tap av fiskeredskap?
Forsøpling frå havbruksnæringa
Oppdrettsanlegg er som oftast samansett av store og mange komponenter laga av plast, eksempelvis flyteelement, tau, nøter, flytekragar og fôringsrøyr. Større eller mindre komponentar kan hamne på avvegar under dagleg drift og slitasje. Studiar og analysar av strandsøppel viser at havbruksnæringane er kjelde til marin forsøpling, men omfanget er vanskeleg å seie noko om.
Typiske gjenstandar som vi finn i fjæra er taustumpar frå arbeidsoperasjonar på oppdrettsanlegget, deler av fôringsrøyr og blåser/kuler. Slitasje på plastutstyret fører til generering og spreiing av mikroplast, spesielt slitasje på fôringsslanger og dette er komponentar som må byttast ut regelmessig pga. hol frå slitasje. Studiar peiker på at driftsmessige omsyn, som plassering og svingingar i slangane, kan påvirke mengda av slitasje og generering av mikroplast.
I nokre tilfelle har heile oppdrettsanlegg blitt etterlatt utan fullstendig opprydding. Dette har vi spesielt sett på lokaliteter for oppdrett av blåskjel, der verksemdene har gått konkurs etter ei feilslått satsing på denne typen oppdrett på starten av 2000-talet. Desse attståande anlegga er eit forsøplingsproblem i seg sjølv, legg band på områder, kan utgjere fare for skipstrafikken og vil gradvis bli brotne ned til mindre plastbitar og mikroplast over tid.