Ressursområde i arealplanar

Gyteområde, oppvekstområde, beiteområde og vandringsruter er leveområde for fisk i ulike livsfasar. Å ta vare på desse områda i arealplanlegginga er viktig for fiskerinæringa og for ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane.

Område som er viktige for at ulike marine artar skal kunne formeire seg, vekse opp og inngå i haustbare bestandar vert i fiskeriforvaltinga kalla for «ressursområde». Dei omfattar gyteområde, oppvekstområde, beiteområde og vandringsruter.

Ressursområda kan ha behov for beskyttelse både mot arealbeslag og mot tiltak som har negative konsekvensar for naturtilhøva i og ved områda.

Nedbygging kan skje i form av mellom anna utfylling i sjø for å etablere nytt landareal for utbygging, hamner og moloar, dumping av overskotsmassar frå utbygging, anleggsarbeid og gruvedrift på land, og mudring og undervassprenging for å legge kablar, røyr eller utdjupe farleier.

Tiltak kan påverke omgjevnadane gjennom mellom anna oppvirvling av sediment, utslepp av kjemikaliar, endringar i topografi og straumtilhøve. Dei samla konsekvensane av fleire tiltak, eller fleire konsekvensar av eit tiltak, er også viktige problemstillingar. Tålegrensa i konkrete saker vil vere avhengig av lokale tilhøve.

Torsk

Torsk er ein av dei viktigaste kommersielle fiskeartane i Noreg. Kysttorsken bruker i stor grad skjergardsbeltet/kystnære område og fjordane som gyte- og oppvekstområde. Bestandane av kysttorsk er under press. Fiskeridirektoratet har særleg fokus på gyte- og oppvekstområde for torsk. Etter gyting er egg og larver ekstra utsette for ytre påkjenningar, og det er viktig at dei har best mogleg miljøforhold.

Torsk i norske farvatn vert forvalta som fire bestandar: Nordaustarktisk torsk, kysttorsk nord for 62°N, Nordsjøtorsk og kysttorsk sør for 62°N. Nord for Stad gjekk bestanden betydeleg ned på slutten av 1990-talet. Sidan har den variert noko, utan ein klar trend, men fiskedødelegheita viser ein svak minkande tendens. Sør for Stad er bestanden redusert kraftig dei siste tiåra. Havforskningsinstituttets dataserie på vaksen torsk langs Skagerrakkysten viser ein nedgåande trend, der dei siste åra er spesielt dårlege.

Kunnskapen om korleis akvakultur påverkar gyte- og oppvekstområde er mangelfull. Forskingsprosjektet ICOD (Interactions of salmon farming on Atlantic cod spawning grounds) vart avslutta i 2021. Forskingsprosjektet SalCod (Impact of salmon farming on Atlantic cod stock) pågår fram til 2023. Korleis torskeoppdrett kan påverke ville torskebestandar er tema i Havforskningsinstituttet sin årlege kunnskapsstatus til risikorapporten for norsk fiskeoppdrett.

Kystnære fiskeridata

Gyte-, oppvekst- og beiteområde er kartlagt av Fiskeridirektoratet gjennom innsamling av kystnære fiskeridata. Data er samla inn gjennom intervju med i hovudsak fiskarar. Kartlegginga er knytt til nøkkelområde for fiskeria, og dekkjer derfor i hovudsak kommersielt interessante fiskebestandar.

Kartlaget «Gyteområder alle arter» viser gyteområde med informasjon om art og gyteperiode. I område registrert som gyteområde har yrkesfiskarar opplyst å ha fått fisk med rennande rogn eller å ha sett fiskerogn på havbotnen.

Kartlaget «Oppvekst - beiteområde» viser oppvekstområde for yngel/fangstbar fisk og beiteområde for større fangstbar fisk.

Oppvekstområde er område og habitat som er viktige for overlevinga til yngel og småfisk i perioden fram til dei når fangstbar storleik eller kan rekruttere til bestanden. For meir informasjon om oppvekstområde, sjå oppvekstområder (hi.no).

Beiteområde er avgrensa område med store ansamlingar av beitande fisk i fangstbar storleik.

Vandringsruter er arealavgrensa område der stimar av fisk i fangstbar storleik tradisjonelt kan vere på gyte- eller beitevandring.

Marinbiologiske data

Datasettet «Gytefelt torsk MB» viser gytefelt for kysttorsk. Data er innsamla av Havforskningsinstituttet (HI), først gjennom ”Nasjonalt program for kartlegging av marine naturtyper” (2007-2019), og vidare gjennom prosjektet «Kartlegging av gytefelt og oppvekstområder for kommersielt viktige arter i kystsonen». Kartlegginga dekkjer ikkje ytre kyststrøk, Lofoten og Vesterålen. HI nyttar data frå feltinnsamling av egg, straummodelleringar og intervjuundersøkingar for å vurdere kva område som kan vere dei viktigaste gytefelta for kysttorsk.

HI kategoriserer gytefelta som:

  • A – nasjonalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 6)
  • B – Regionalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 5)
  • C – lokalt viktig gytefelt (gytefeltverdi 1-4)

Kategoriseringa baserer seg på mengde egg som er funne i eit område, og i kva grad havstraumane gjer at egga vert haldne tilbake i området. Eit område med mykje egg og stor tilbakehalding av egg, vil oppnå høgaste verdivurdering, medan eit område med lite egg og stor spreiing av egga vil verte vurdert som mindre viktig.

For meir informasjon om metodar for innsamling av data om kysttorsk, sjå kapittel 9.3 i Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2022 - kunnskapsstatus (hi.no).

Kart over viktige leveområde for fisk

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til ressursområde av nasjonal eller vesentleg regional betydning, jamfør plan- og bygningslova § 5-4. Viktige vurderingskriterium for å avklare om eit ressursområde har slik betydning er mellom anna:

Samanfall med fiskeplassar og viktige naturtypar for fiskeria

Viktige ressursområde er ofte samanfallande med gode fiskeplassar og førekomstar av naturtypar som er viktige for fiskeria. I vurderinga av om eit konkret ressursområde er av nasjonal eller vesentleg regional betydning, kan også slikt samanfall vere eit vurderingskriterium. Samanfall mellom registreringar i fleire av desse datasetta vil kunne gjere eit område meir betydningsfullt.

Kysttorsk

Gytefelt som er klassifisert av HI som nasjonalt eller regionalt viktige gytefelt for kysttorsk, vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Desse gytefelta representerer etter Fiskeridirektoratet si vurdering eit viktig ressursgrunnlag for dagens haustbare bestandar av kysttorsk.

Også gytefelt kategorisert som lokalt viktige av HI, kan vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene. Det gjeld særleg for gytefelt i område med stor tilbakehalding av egg (høg retensjon). I desse områda kan det vere små og lokale bestandar av kysttorsk. Desse bestandane kan vere særleg tilpassa det lokale miljøet. Den genetiske variasjonen er biologisk mangfald som også kan vere grunnlag for eit haustbart overskot. Slike gytefelt er derfor verdifulle både som genetisk variasjon knytt til biologisk mangfald, og som eit framtidig ressursgrunnlag for fiskeria.

Trua artar på «Norsk rødliste for arter 2021»

Gyte-, oppvekst- og beiteområde for fiskeartar som er kategorisert som trua i «Norsk rødliste for arter 2021» vil som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Dette er område som vanlegvis vil vere viktige for at bestanden av den aktuelle arten skal kunne bygge seg sterkare.

I raudlista for 2021 er følgjande fiskeartar kategorisert som trua:

  • CR – kritisk trua: storskate, nebbskate
  • EN – sterkt trua: ål, polartorsk, brugde, stillehavssild, blålange, vanleg uer
  • VU – sårbar: svartskate, håbrann, arktisk niøye, pigghå

Les meir: Norsk rødliste for arter 2021 (artsdatabanken.no)

Merk: Kystnære fiskeridata inneheld lite data om raudlista artar, på grunn av at dei gjerne er forbodne å fiske og slik lite kommersielt interessante.

Artar som er heilt eller delvis freda med heimel i havressurslova

Tilsvarande som for dei raudlista artane, vil gyte-, oppvekst- og beiteområde for freda og delvis freda artar som hovudregel vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Områda vil vanlegvis vere viktige for at bestanden av den aktuelle arten skal kunne bygge seg sterkare.

Blålange, brugde, håbrann, pigghå, silkehai, vanleg ål og hummar med utvendig rogn er totalfreda med heimel i havressurslova. Det er også torsk i Oslofjorden.

Blåkveite, breiflabb, hummer, kveite, leppefisk, makrellstørje, rognkjeks og uer er delvis freda. Det same gjeld for torsk langs Skagerakkysten. For desse artane gjeld særskilte reglar knytt til fisket.

Les meir: Freda og delvis freda artar (fiskeridir.no)

Det er viktig å beskytte gyte- og oppvekstområde og andre ressursområde mot nedbygging. Det er også viktig at det i eller i nærleiken av ressursområda ikkje vert opna for arealformål/tiltak som kan øydeleggje eller forringe den funksjonen områda har for fisken.

Planframstilling

Fiskeridirektoratet rår til at gyte- og oppvekstområde i kartet til kommuneplanens arealdel vert vist både med arealformål som inkluderer fiske og som omsynssone naturmiljø.

Arealformålet fiske kan vere

  • underformål fiske (formålskode 6300, feltkode FI),
  • inngå som del av kombinert formål (formålskode 6800, feltkode VK), eller
  • inngå som del av hovudformålet (formålskode 6001, feltkode BSV).

Ved at gyte- og oppvekstområde får arealformål fiske, vert fiskeriinteressene knytt til areala rettsleg sikra i arealplanen. Arealformål som opnar for tiltak som kan vere til skade for konkrete gyte- og/eller oppvekstområde må vere utelukka frå kombinerte formål/hovudformålet når dei vert brukt.

I reguleringsplanar opnar kart- og planforskrifta også for underformålet «Gytefelt eller oppvekstområde for yngel» (formålskode 6330, feltkode GYO).

Å synleggjere gyte- og oppvekstområda med omsynssone naturmiljø i plankartet, kan bidra til å sikre at brukarane av planen vert merksame på verdiane i områda tidleg i plan- og byggesaksarbeid. Det er viktig å vere merksam på at det som hovudregel berre kan gjevast retningslinjer til omsynssone naturmiljø (jamfør pbl § 11-8  bokstav c). Omsynssone naturmiljø sikrar derfor ikkje områda rettsleg.

Døme på retningslinje til omsynssone naturmiljø som dekker gyteområde for fisk kan vere: «Sona er gyteområde for fisk. Omsynet til gyting skal vektleggast ved behandling av planar og tiltak i sona.»

I kommuneplanens arealdel kan det i strandsona verte opna for utbyggingsformål som kan ha negative konsekvensar for nærliggande gyteområde. Når det er behov for vidare utgreiing av desse verknadane før det kan gjevast løyve til tiltak, er det viktig at det i føresegnene vert sett krav om reguleringsplan (pbl § 11-9 nr. 1). Vidare er det i slike tilfelle viktig at det kjem klart fram av føresegnene at verknadane reguleringsplanen kan få for gyteområdet skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid (pbl § 11-9 nr. 8).

Med bakgrunn i utgreiingane som vert gjort i ein reguleringsplanprosess, kan det i føresegnene til reguleringsplanar i/ved gyteområde innarbeidast krav om konkrete avbøtande tiltak. Å forby bygge- og anleggstiltak i gytetida, er døme på eit avbøtande tiltak. Fiskeridirektoratet kan gje råd om kva tidsrom som bør inngå i forbodsperioden i konkrete saker. Heimel for slike krav er pbl § 12-7 nr. 3.