Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Notskadar ved spyling

Notskadar som utgjer rømmingsfare har stått uoppdaga gjennom både tre og fire rundar med notspyling. I nokre av tilfella viser prosedyrane at oppdrettar likestiller kamerabasert overvaking og notkontroll under spyling med fullverdige notinspeksjonar gjort med dykkar eller ROV.

Vi har sett nærare på fleire tilsynssaker frå dei siste åra, knytt til melding om rømming eller mistanke om rømming og som involverer kontroll av not ved spyling. Tilsyna viser at oppdrettarar vurderer risiko og tiltak knytt til notspyling svært ulikt.

Rømmingsrisiko ved notspyling

Det har tidlegare vore ein del hendingar knytt til vaskeutstyr som forårsakar hol i not, og erfaring tilseier at dette framleis er ei utfordring. Slike hol blir likevel ofte oppdaga når skaden skjer, ved hjelp av kamera på vaskeutstyret, men fleire tilsynssaker viser at ikkje alle skadane blir fanga opp i samband med sjølve vaskeaktiviteten. 

Døme på to variantar vaskeutstyr som blir brukt til høgtrykksspyling av nøter i sjø og som blir styrt av operatørar frå eit tilhøyrande fartøy. Slikt utstyr er som regel utrusta med fleire kamera for at operatørane skal kunne ha nødvendig kontroll med vaskeaktiviteten og notposen.
Døme på to variantar vaskeutstyr som blir brukt til høgtrykksspyling av nøter i sjø og som blir styrt av operatørar frå eit tilhøyrande fartøy. Slikt utstyr er som regel utrusta med fleire kamera for at operatørane skal ha kontroll med vaskeaktiviteten og notposen. Foto: Fiskeridirektoratet. 
Brukarhandboka for vaskeutstyret skal innehalde vurderingar av risikoen for notskade. Dette er  sentral dokumentasjon å legge til grunn når verksemda skal vurdere risiko knytt til vaskeaktiviteten. Krav til risikovurdering gjeld både oppdrettar og vare-/tenesteprodusent, jf. Akvakulturdriftsforskrifta § 37 andre ledd og forskrift om IK-Akvakultur § 5 tredje ledd bokstav f. 

Kameraovervaking som risikoreduserande tiltak

Ein heil del av notskadane som blir melde til Fiskeridirektoratet er oppdaga under notspyling, men vi veit generelt for lite om årsakene til hola som blir oppdaga under spyling og i kva grad dette er skadar som vaskeutstyret sjølv har påført nota. 

Sidan notspyling har vore ein aktivitet som kan skade notlinet og føre til rømming, er  kameraovervaking av vaskeaktiviteten eit viktig tiltak for å redusere risikoen, og oppdage skadar på nøtene. Fleire tilsynssaker viser at det likevel kan vere utfordrande å oppdage notskadar medan vaskeaktiviteten går føre seg. 

Å sjå etter hol i nota var eit sjekkpunkt under alle desse vaskeaktivitetane og vart dokumentert i rapportane som gjekk til oppdrettar.

Notskaden vart seinare oppdaga under ein ROV-inspeksjon etter uvêr. I fleire saker har det vist seg at hol har stått uoppdaga gjennom både to og tre rundar med kamerabasert notkontroll under spyling.

Bilete av hol i not tatt ved inspeksjon med ROV. Bilete av notkontroll med kamera motnert på vaskeutstyr.
Holet til venstre, 8 x 7 masker, vart oversett i fire etterfølgjande rundar med notspyling og notkontroll med kamera montert på vaskeutstyret (biletet til høgre). Å sjå etter hol i nota var eit sjekkpunkt under vaskeaktivitetane og vart dokumentert i rapportane som gjekk til oppdrettar. Notskaden vart seinare oppdaga under ein ROV-inspeksjon etter uvêr.

Avklar kva teneste som blir levert

Det har vist seg at det kan vere ulik oppfatning av kva teneste som blir levert når nota skal spylast rein for groe. 

I ei av sakene meinte oppdrettar at spylinga også var ein notinspeksjon, medan tenesteleverandøren sa at spyling ikkje inkluderer inspeksjon av nota. Dei prøver å sjå etter skadar på nota medan dei spyler, men mykje groe på nota kan gjere sikta svært redusert og føresetnadene for å avdekke hol dårlege.

Krav til kompetanse for vare- og tenesteprodusentar

Rømmingsrisiko ved spyling av torskenøter

Erfaringsgrunnlaget vi formidlar kjem frå tilsyn med oppdrett av laksefisk, men problemstillingane er minst like aktuelle for oppdrett av andre fiskeartar. 

Fleire studiar har vist at torsk aktivt kan oppsøkje område med slitasje, lause trådar eller mindre skadar i notlinet, for deretter sjølv å lage hol som er store nok til å rømme gjennom. 

I Havforskingsinstituttets risikorapport 2022 blir rømming av oppdrettstorsk omtalt slik:

"Studier har vist økt rømmingstendens hos oppdrettstorsk ved begrenset tilførsel av fôr og ved skader på notvegg. Torsk er også i stand til å øke omfanget av notskader gjennom aktiv biting på notlinen. (…)

Erfaringene fra forrige runde med torskeoppdrett viste at torsk er mer rømmingsvillig enn laks, og at årsakene til rømming også var noe annerledes (for eksempel nettbiting)."

Kunnskapsgrunnlaget for å risikovurdere notspyling er dermed ikkje det same for torskeoppdrett som for lakseoppdrett. 

Fem ulike tilnærmingar i næringa

Dei siste åra har oppdrettarar vurdert notkontroll i samband med spyling på minst fem ulike måtar. Det store spennet i næringa, som vi har funne ved å sjå nærare på tidlegare tilsynssaker, viser at oppdrettarar har vurdert risiko og tiltak knytt til notspyling svært ulikt.

I utgangspunktet ville berre éin av desse fem måtane, tilnærming nummer 5, ha vore i tråd med regelverket som gjeld i dag. Vi tek då utgangspunkt i at bruk av vaskeutstyr aukar risikoen for notskade, som igjen kan føre til rømming.

Tilnærming 1

Når det er kamera på vaskeutstyret har oppdrettar likestilt notspyling med notinspeksjon. Notinspeksjonen skjer då samtidig med sjølve vaskeaktiviteten.

Biletet er frå ei av tilsynssakene og viser eit hol som vart oppdaga under notspyling. Sikta er svært redusert i skjermen til høgre grunna vaskeaktiviteten.
Biletet er frå ei av tilsynssakene og viser eit hol som vart oppdaga under notspyling. Legg merke til at sikta er svært redusert i skjermen til høgre grunna vaskeaktiviteten.

Tilnærming 2 

Når det er kamera på vaskeutstyret har oppdrettar likestilt notspyling med notinspeksjon, men der visse vilkår må vere oppfylt for at det skal kunne reknast som ein fullgod inspeksjon. Slike vilkår kan til dømes vere god sikt eller godt kamerautstyr. Dersom det er dårleg sikt eller blir brukt vaskeutstyr med dårleg kamerautstyr, skal det gjerast notinspeksjon med ROV i etterkant. Vi har derimot ikkje sett at det har vore definert kva som er god nok sikt eller godt nok kamerautstyr.

Notinspeksjon med ROV. Ein ROV  er ein fjernstyrt undervassfarkost som er utstyrt med eitt eller fleire videokamera og som blir brukt i staden for dykkar ved fleire typar arbeid.
Notinspeksjon med ROV. Ein ROV er ein fjernstyrt undervassfarkost som er utstyrt med eitt eller fleire videokamera og som blir brukt i staden for dykkar ved fleire typar arbeid. Foto: SINTEF Ocean.
Dei siste åra har det blitt meir vanleg å inspisere nøtene med ROVar, både ved regelmessige rutineinspeksjonar og i samband med arbeidsoperasjonar der ein tradisjonelt har brukt dykkar eller der ein tidlegare gjerne lét vere å kontrollere nøtene.

Tilnærming 3 

Det er kamera på vaskeutstyret for å kunne overvake spylinga og oppdage notskadar, men oppdrettar godkjenner ikkje vaskeaktiviteten som notinspeksjon.

Biletet visar ei 40 cm lang rift som blir fanga opp av eitt av fire kamera på vaskeutstyret, men utan at notskaden vart oppdaga av operatørane der og då.
Her blir ei 40 cm lang rift fanga opp av eitt av fire kamera på vaskeutstyret, men utan at notskaden vart oppdaga av operatørane der og då. Oppdrettaren likestilte ikkje kameraovervaking under spyling med inspeksjon av nøtene, men  vurderte det til å fungere godt nok for å kunne overvake om vaskeaktiviteten skada notposen.

Tilnærming 4 

ROV-inspeksjon av not etter spyling ligg som eit konsekvensreduserande tiltak i risikovurderinga, men utan at dette er tatt inn i prosedyrane eller blir gjort i praksis.

Tilnærming 5 

Sjølv om det er kamera på vaskeutstyret for å overvake spylinga og kunne oppdage notskadar, har ikkje oppdrettar godkjent vaskeaktiviteten som notinspeksjon.

Oppdrettar har i tillegg sett krav til dokumentert etterkontroll/inspeksjon for å sikre at nota er uskadd etter spyling.

Ein av oppdrettarane med denne tilnærminga har i prosedyren spesifisert at inspeksjon etter notspyling skal gjerast med dykkar, ROV eller kamera på vaskeutstyret.

Kontroll av not med ROV
Etterkontroll av not etter spyling kan gjerast ved å bruke ein ROV. Foto: SINTEF Ocean.

Krav og forventingar 

Det er oppdrettar som har ansvaret for at nøtene blir kontrollerte.  

Rømmingssikringskrava i akvakulturdriftsforskrifta § 37a, seier at overvaking og kontroll av notposen skal gjerast både før, under og umiddelbart etter aktivitetar som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer. 

Dersom risikovurderinga til oppdrettar seier at bruk av vaskeutstyr aukar risikoen for notskade, som igjen kan føre til rømming, vil kravet til overvaking og kontroll gjelde for slike aktivitetar. I tillegg må det gå fram av rutinane korleis nota skal overvakast og kontrollerast i samband med bruk av vaskeutstyr, og det bør spesifiserast kva utstyr som skal brukast. 

I tillegg gjeld kravet i § 37 fjerde ledd om at nøter skal kontrollerast før dei blir tatt i bruk, og regelmessig under drifta. 

Krav til notinspeksjon knytt til risiko for rømming

Delar av regelverket rettar seg direkte mot arbeid som er utført på oppdrettsanlegget av andre aktørar enn oppdrettar sjølv, og då med eit særleg fokus på å hindre, oppdage og avgrense rømming av fisk.  

Fleire av endringane i akvakulturdriftsforskrifta 24. august 2022 har ført til nye krav for leverandørar av tenester som notspyling og notinspeksjon. Dette gjeld blant anna: 

  • krav til å utføre arbeidet på ein teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg måte (§ 5), 

  • krav om nødvendig fagleg kompetanse (§ 6), 

  • krav om ein oppdatert beredskapsplan for å oppdage og avgrense rømming, inkludert risikoreduserande tiltak (§ 7), 

  • krav om driftsjournal og krav om å dokumentere korleis arbeidet er gjennomført (§ 10), 

  • krav om risikovurdering med tilhøyrande tiltak for å redusere rømmingsrisikoen (§ 37), 

  • plikt til å melde rømming eller mistanke om rømming til både Fiskeridirektoratet og oppdrettar (§ 38). 

I ein rømmingssituasjon er det oppdrettar som har ansvar for straks å starte gjenfangst av rømt fisk (§ 39). Denne plikta har ikkje vare- og tenesteprodusentar. Dette er det viktig å vere merksam på i planlegging av aktivitetar og utforming av beredskapsplanar. 

Alle føresegnene i akvakulturdriftsforskrifta som gjeld for vare- og tenesteprodusentar er lista opp i § 3 andre ledd: «Forskriften omfatter også aktiviteter i tilknytning til drift av akvakulturanlegg gjennomført av vare- og tjenesteprodusenter, og reguleres av kapittel 1. I tillegg gjelder følgende bestemmelser § 5 fjerde ledd, § 6 første ledd, § 7 femte ledd, § 10 tredje ledd, § 15c, § 37 første, andre, sjette og syvende ledd og § 38.» 

Gjennom forskrifta om internkontroll på akvakulturområdet (IK-Akvakultur) er leverandørar av tenester, som notspyling og notinspeksjon, omfatta av kravet om internkontroll for tenestene dei leverer til akvakulturverksemder. 

Internkontrollen skal dokumenterast og innehalde nødvendig dokumentasjon som følgjer av krav i eller i medhald av akvakulturlovgjevinga. Nødvendig dokumentasjon knytt til krav i akvakulturdriftsforskrifta, slik som krava omtalt ovanfor, følgjer dermed av forskrift om IK-Akvakultur. 

For alle aktivitetar som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer, er det klare krav til korleis oppdrettar skal planlegge og sjå til at jobben blir gjennomført. Desse nye krava finn vi i akvakulturdriftsforskrifta § 37a og dei gjeld for oppdrettar åleine. 

Før arbeidet tek til skal oppdrettar sørgje for at aktiviteten blir planlagd og gått gjennom saman med dei som faktisk skal gjere jobben. Dersom arbeidet skal gjerast av andre enn oppdrettar sjølv, er det også knytt krav til å kommunisere med dei det gjeld, både før, under og etter aktiviteten. Kva som vil vere nødvendig å kommunisere, må sjåast i samanheng med rømmingsrisikoen knytt til arbeidet som skal gjerast og korleis risikoforholda eventuelt endrar seg undervegs i aktiviteten. Oppdrettar må sørgje for at han har nok av sine eigne folk til stades når slikt arbeid blir gjennomført. 

I samband med avlusingsoperasjonar og andre aktivitetar som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer, skal oppdrettar sørgje for å overvake og kontrollere nøter både før, under og umiddelbart etter aktiviteten. Risikovurderingane skal avklare kva type aktivitetar som har ein slik risiko og det må gå fram av rutinane korleis overvaking og kontroll av not skal gjerast for dei ulike aktivitetane. 

For alle aktivitetar som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer, er det krav til at tilstrekkeleg mange av personalet med kompetanse i rømmingssikring er til stades under aktiviteten. Dette nye kravet finn vi i akvakulturdriftsforskrifta § 6 første ledd, og det gjeld for både oppdrettar og vare-/tenesteprodusent. 

Tilstrekkeleg eige personell til stades

I dag er det vanleg at oppdrettar sitt eige personell jobbar i lag med ein eller fleire eksterne aktørar. Det blir også gjennomført arbeidsoperasjonar og andre aktivitetar der oppdrettar ikkje nødvendigvis deltek eller er til stades med eige personell.

Dersom den aktuelle aktiviteten kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer, er det krav til at oppdrettar er tilstrekkeleg til stades med eige personell under aktiviteten, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37a første ledd bokstav c.

Dette kravet må sjåast i samanheng med risikoen for rømming og plikta oppdrettar har til å starte gjenfangst etter rømt fisk, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 39. Oppdrettar har krav til å ha ein beredskapsplan med oversikt over korleis gjenfangstfisket kan effektiviserast, jf.  akvakulturdriftsforskrifta § 7 fjerde ledd.

Notspyling har ofte vore gjennomført av andre aktørar, utan at driftspersonell frå anlegget er til stades, sjølv om risikovurderingar og erfaring har vist at aktiviteten kan føre med seg risiko for at fisk rømmer.

Dersom dei gjeldande risikoforholda gir grunnlag for å vurdere at ei slik tilnærming til notspyling er forsvarleg og i tråd med regelverket som gjeld i dag, må oppdrettar uansett sørgje for at ikkje eige personell er lengre vekke frå  aktiviteten enn at dei straks kan starte eit effektivt gjenfangstfiske.

Dersom det let seg gjere å spyle eller reingjere nota på måtar som ikkje medfører risiko for rømming, gjeld naturleg nok ikkje kravet om at oppdrettar må ha eige personell til stades, eller i nærleiken, og i beredskap til å straks kunne starte gjenfangst etter rømt fisk.

Oppdrettar kan ikkje overlate rømmingsrisikabelt arbeid til andre

Relevante hendingar

Kniv mistet i not. Forårsaket hull ved spyling

Oppdatert: 06.07.2023