Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Meterlang flenge ved notkontroll

Ein stor notskade vart ikkje oppdaga under inspeksjon etter avlusing. Hendinga er vurdert opp mot nye krav og endringar i regelverket for både oppdrettar og leverandør av notinspeksjonstenester.

Under termisk avlusing ein desemberkveld vart det unormalt stor friksjon mellom kulerekke og not då kulerekka skulle forbi senter av nota (figur 1). Store krefter stod i spenn, før det kom ein lyd som gjorde at oppdrettar mistenkte at notlin hadde rivna. Han gjorde då det einaste rette i ein slik situasjon: å stoppe arbeidet for å undersøkje nota nærare.

 

Bilde av kulerekke brukt i den aktuelle arbeidsoperasjonen.
Figur 1. Bilete av kulerekka dei brukte i den aktuelle arbeidsoperasjonen. Truleg er den omfattande notskaden eit resultat av at notlin har kilt seg mellom kuler i kulerekka, for deretter å bli riven sund som følgje av dei store kreftene under arbeidet med not og kulerekke. Foto: Selskapet.

Det var til stades ein leverandør av notinspeksjonstenester som undersøkte nota i det aktuelle området med ein ROV (fjernstyrt undervassfarkost), medan oppdrettar gjorde ein fysisk kontroll av notlinet i eit område nær notspissen som var løfta over overflata. Ingen av dei fann noko unormalt, anna enn eit stramt tau som vart kappa, og oppdrettar valde difor å fortsette avlusingsoperasjonen. Alt såg ut til å vere i orden.

Etter avlusinga vart notposen sloppen ned, spent opp i normal driftsposisjon og inspisert med ROV, men heller ikkje då vart det funne nokon skade på nota. Det vart likevel gjort ein ny inspeksjon av notposen dagen etterpå, i dagslys, og då oppdaga ROV-operatøren ei flenge som var rundt ein meter lang (figur 2).

Fleng på ca. 1 meter
Figur 2. Dette holet (ei flenge på ca. 1 meter) vart oversett sjølv om nota vart overvaka og kontrollert både medan fisken var trengd og rett etter avlusinga var ferdig. Foto: Selskapet.

Kva skjedde under notinspeksjonen?

Her vart det altså gjort tre notkontrollar i løpet av eitt døgn, men der berre den tredje kontrollen viste seg å vere god nok.

Den første kontrollen var ein sjekk av det aktuelle området i notposen då arbeidsoperasjonen vart stoppa, men utan at dei fann nokon skade på nota. ROV-operatøren fann heller ingen notskade under inspeksjonen rett etter avlusinga, men filmopptaket frå inspeksjonen viste at ROVen hadde fanga skaden på film. Sjølv om notskaden hadde vore synleg på skjermen, hadde altså ikkje operatøren sett skaden der og då. Den meterlange flenga i nota vart først oppdaga under inspeksjonen neste dag.

Både notkontrollen under sjølve avlusingsoperasjonen og inspeksjonen rett etter avlusinga gjekk føre seg på kveldstid, midt på mørkaste vinteren. Det kom også fram at det var dårleg sikt i sjøen og at ROV-operatøren hadde lite erfaring med notinspeksjonar.

Tiltak etter hendinga

I ettertid har oppdrettsselskapet endra rutinane til at ROV-operatørar må inspisere nøtene saman med oppdrettar, dersom det er mistanke om notskade. Leverandør av ROV-tenesten skulle endre prosedyren tilsvarande.

Aktuelt regelverk

Denne rømmingshendinga skjedde før regelverket vart endra til at oppdrettar skal sørgje for å overvake og kontrollere nøter både før, under og rett etter avlusingsoperasjonar. Likevel hadde den aktuelle oppdrettaren allereie innført rutinar som sørgde for notinspeksjon før og etter avlusing, så vel som overvaking av nota undervegs i slike arbeidsoperasjonar (figur 3).

Bilde fra inspeksjonen før avlusinga
Figur 3. Biletet er frå inspeksjonen som var gjort før avlusinga. Det aktuelle området av nota såg då ut til å vere uskadd. Foto: Selskapet.

Kompetanse

Akakulturdriftsforskrifta §6 første ledd inneheld krav til fagleg kompetanse, som no også gjeld for vare- og tenesteprodusentar når dei gjennomfører aktivitetar i tilknyting til drift av akvakulturanlegg. Det generelle kompetansekravet seier at alle som deltek må ha nødvendig fagleg kompetanse for å kunne utføre sine oppdrag og tenester på ein miljømessig forsvarleg måte, som blant anna vil vere aktuelt under aktivitetar/arbeidsoperasjonar med risiko for rømming og ved utslepp av legemiddel.

Vidare skal det, ved gjennomføring av aktivitetar som kan medføre risiko for rømming, sikrast at det er tilstrekkeleg med personell med nødvendig fagleg kompetanse for å hindre, oppdage og avgrense rømming av fisk. Kravet gjeld også for leverandørar av notinspeksjonstenester. Verksemdene må, kvar for seg, oppfylle kompetansekravet innanfor sitt ansvarsområde og sørgje for at personellet har nødvendig fagleg kompetanse for den jobben dei gjer eller deltek i.

Ei anna relevant endring i regelverket, er at akvakulturdriftsforskrifta §37 første ledd er gjort gjeldande for vare- og tenesteprodusentar. Det fører til at både oppdrettar og, i dette tilfellet, leverandør av ROV-tenesten skal sørgje for at ei eventuell rømming blir oppdaga så raskt som råd.

Å oppdage rømming, eller notskadar og andre avvik som kan føre til rømming, vil blant anna avhenge av kompetansen til personellet som overvaker og kontrollerer notposen.

I samband med Fiskeridirektoratet si tilsynssak etter rømmingshendinga kom det fram at ROV-operatøren hadde lite erfaring med notinspeksjonar. Fiskeridirektoratet legg til grunn at fagleg kompetanse blir utvikla gjennom både formell utdanning, opplæring og erfaring.

Fagleg kompetanse er altså ikkje det same som faglege kvalifikasjonar i form av formell utdanning eller godkjenning. Det vil seie at relevant utdanning eller kursing ikkje automatisk gir den nødvendige faglege kompetansen til å delta i aktivitetar som er omfatta av akvakulturlova.

Rettleiingsark: Krav til kompetanse gjeld òg for vare- og tenesteprodusentar

Kommunikasjon

I ettertid av hendinga har regelverket òg endra seg til at oppdrettar har fått særskilte krav til å planlegge og kommunisere med eksterne som deltek, og å vurdere i kva grad han må vere til stades, ved aktivitetar med rømmingsrisiko.

§37a. Krav ved gjennomføring av aktiviteter som kan medføre risiko for rømming

Etter rømmingshendinga valde oppdrettar å gjere notinspeksjonar i lag med tenesteleverandøren, dersom det var mistanke om notskade. Dette tiltaket er eit godt døme på kva som kan gjerast for å sikre kommunikasjonen mellom oppdrettar og vare-/tenesteprodusent.

Utstyr til notkontroll

I tillegg er det nærliggande å trekke fram eigenskapar til utstyret som sentralt for å kunne oppdage notskadar. Dette kan særleg gi seg utslag ved arbeid i mørket (figur 4), som tilfellet var i denne hendinga.

bilde fra hendelse med hull i not
Figur 4. Bileta er frå ei anna hending med hol i not og viser eit dykk i mørke ved bruk av tilleggslys. Foto: Selskapet.

Inspeksjonen vart også gjort under den mørkaste tida på året og på ein dag med dårleg sikt. Regelverket inneheld generelle krav til innretningar og utstyr som blir nytta av vare- og tenesteprodusentar ved arbeid på akvakulturanlegg, noko som òg vil gjelde utstyr til å inspisere nøter med. 

Rettleiingsark: Krav til inspeksjonsfrekvens er knytt til risiko for rømming

Krav til utstyr

Akvakulturlova § 12 andre ledd stiller eit overordna krav til innretningar og utstyr som blir nytta i aktivitetar i tilknyting til akvakulturdrifta: Utstyret som blir brukt skal vere forsvarleg utforma og ha forsvarlege eigenskapar, og det skal dessutan brukast med nødvendig aktsemd.

Når ein vare- og tenesteprodusent gjer ein jobb for oppdrettar, i tilknyting til drift av akvakulturanlegg, skal arbeidet gjerast på ein teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg måte (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 5 fjerde ledd).

Dette kom inn i regelverket 24.8.2022. Kravet gjeld til dømes når ein tenesteleverandør inspiserer ei oppdrettsnot. Ein notkontroll må altså gjerast på ein teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg måte.

Oversikt over krav for leverandørar av notinspeksjonstenester

Fleire av dei siste endringane i regelverket rettar seg direkte mot arbeid som er utført på akvakulturanlegget av andre aktørar enn oppdrettar sjølv (av vare- og tenesteprodusentar), og då med eit særleg fokus på å hindre, oppdage og avgrense rømming av fisk. 

Krav for vare- og tenesteprodusentar

Fleire av endringane i akvakulturdriftsforskrifta 24. august 2022 har ført til nye krav for leverandørar av tenester som notinspeksjon. Dette gjeld blant anna:

  • krav til å utføre arbeidet på ein teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg måte (§5)
  • krav om nødvendig fagleg kompetanse (§6)
  • krav om ein oppdatert beredskapsplan for å oppdage og avgrense rømming, inkludert risikoreduserande tiltak (§7)
  • krav om driftsjournal og å dokumentere korleis arbeidet er gjennomført (§10)
  • krav om risikovurdering med tilhøyrande tiltak for å redusere rømmingsrisikoen (§37)
  • plikt til å melde rømming eller mistanke om rømming til både Fiskeridirektoratet og oppdrettar (§38)

I ein rømmingssituasjon er det oppdrettar som har ansvar for straks å starte gjenfangst av rømt fisk (§ 39). Denne plikta har ikkje vare- og tenesteprodusentar. Dette er det viktig å vere merksam på i planlegging av aktivitetar og utforming av beredskapsplanar.

Alle føresegnene i akvakulturdriftsforskrifta som gjeld for vare- og tenesteprodusentar er lista opp i § 3 andre ledd: «Forskriften omfatter også aktiviteter i tilknytning til drift av akvakulturanlegg gjennomført av vare- og tjenesteprodusenter, og reguleres av kapittel 1. I tillegg gjelder følgende bestemmelser § 5 fjerde ledd, § 6 første ledd, § 7 femte ledd, § 10 tredje ledd, § 15c, § 37 første, andre, sjette og syvende ledd og § 38.»

I tillegg kjem forskrifta om internkontroll på akvakulturområdet (IK-Akvakultur), som blant anna inneheld krav om å kartlegge farar og setje i verk nødvendige tiltak. Gjennom denne forskrifta er leverandørar av tenester, som notinspeksjon, omfatta av kravet om internkontroll for tenestene dei leverer til akvakulturverksemder.

Merk at internkontrollen skal dokumenterast og innehalde nødvendig dokumentasjon som følgjer av krav i eller i medhald av akvakulturlovgjevinga. Nødvendig dokumentasjon knytt til krav i akvakulturdriftsforskrifta, slik som krava omtalt ovanfor, følgjer dermed av forskrift om IK-Akvakultur.

Melde rømming og mistanke om rømming

Det skal straks meldast frå til Fiskeridirektoratet dersom det er kjennskap til at fisk rømmer, eller når det er mistanke om rømming, uavhengig av om fisken har rømt frå eigne eller andre sine merdar eller fartøy (produksjonseiningar, installasjonar eller transporteiningar). 

§38 meldeplikt ved rømming

Frå og med 24.8.2022 har det vore forskriftsfesta at meldeplikta også gjeld for vare-og tenesteprodusentar. 

Skjema for å melde om rømming for vare- og tjenesteleverandører

Skjema til oppdrettar for melding av rømming

Vare- og tenesteprodusentar må også straks melde frå til oppdrettar (§38 andre ledd), sidan det er han åleine som har ansvar for å starte gjenfangst etter rømt fisk (§39 gjenfangst etter rømt fisk)

Kommunikasjonen mellom vare-/tenesteprodusent og oppdrettar, før oppstart av aktiviteten, må vere dekkande til at vare-/tenesteprodusent skal kunne gi tilstrekkeleg informasjon til Fiskeridirektoratet ved melding om rømming eller mistanke om rømming.

Til dømes må lokalitetsnummer leggast inn i skjemaet for å melde rømming.

Melde straks

Rømmingsskjema del 1 skal sendast inn straks verksemda får kjennskap til eller mistanke om rømming. Årsaka er at Fiskeridirektoratet skal kunne følgje opp saka så raskt som råd og tidleg kunne starte sin del av arbeidet med å bøte på skaden og setje i verk nødvendige tiltak. Når skjemaet er sendt inn blir det oppretta ein dialog mellom Fiskeridirektoratet og verksemda som sender inn meldeskjemaet, for at begge skal kunne handtere situasjonen best mogleg.

Det er viktig å melde i frå straks for at vi skal kunne handtere dette som rømming eller mistanke om rømming frå ei kjend kjelde, slik at vi tidleg kan setje inn gode tiltak. Å ikkje melde i frå straks, vil også kunne gå ut over andre oppdrettarar. Dersom det då blir fanga rømt oppdrettsfisk, må Fiskeridirektoratet handtere situasjonen som mistanke om at det har rømt fisk frå ei ukjend kjelde. Dette vil utløyse fleire tiltak, som at oppdrettarar må gå i gang med ekstra kontroll av nøtene heilt unødvendig.

Låg terskel ved mistanke

Det vil vere mistanke om rømming når det har oppstått ein situasjon som reint objektivt gir grunn til å tru at fisk kan ha rømt. Dette kan vere i form av ein konkret mistanke eller ei rimeleg moglegheit for rømming. Det er med andre ord låg terskel for å melde mistanke om rømming.

Bilde5.png
Figur 5. Biletet er tatt under notkontroll og viser eit hol som ikkje vart meldt inn til Fiskeridirektoratet. Snittvekta på fisken i merden var omlag 300 gram. Her har det oppstått ein situasjon som reint objektivt gir grunn til å tru at fisk kan ha rømt og som skal føre til at verksemda melder mistanke om rømming til Fiskeridirektoratet. Verksemda gjorde derimot ei subjektiv vurdering av at det her ikkje var mistanke om at fisk hadde rømt, noko som gjorde at dei ikkje melde frå om hendinga. Foto: Selskapet.

Den vanlegaste, direkte årsaka til rømming er hol i not. Det skal lite til for å utløyse meldeplikta ved notskadar: Ved observasjon av eit hol som er stort nok til at det gir rimeleg grunn til å tru at fisk (inkludert minste fisk) i merden kan ha kome seg ut gjennom holet, har verksemda plikt til å melde frå om dette til Fiskeridirektoratet.

Når det reint objektivt er eit hol som er stort nok til at den minste fisken i merden kan gå ut gjennom opninga, vil det normalt vere grunn til å mistenkje rømming. Vare- og tenesteprodusentar som gjennomfører aktivitetar i tilknyting til drift av oppdrettsanlegg, må derfor ha kjennskap til kor stor fisken er for å kunne vurdere om fisk kan ha rømt.

Andre relevante hendingar

I eit tidlegare erfaringsark samla vi ulike utfordringar knytt til å kunne gjennomføre ein notinspeksjon med fullgod kvalitet. 

Sjå notinspeksjon med ROV: Fleire tilfelle der skadane på nota ikkje vart oppdaga

Ei av sakene vi då såg nærare på (figur 5), har det til felles med hendinga som er skildra i dette erfaringsarket at det var mistanke om notskade i eit spesifikt område av nota, men utan at ROV-operatøren klarte å finne nokon skade sjølv om oppdrettar ba han undersøkje denne delen av nota særleg nøye. 

Samandrag av tilsynssakene som ligg til grunn for erfaringsarket

Bilde6.png
Figur 5. Bilete av ei rifta i nota som ikkje vart oppdaga under inspeksjonen. Foto: Selskapet.

 

Oppdatert: 06.07.2023