Regnbogeaure på rømmen ved Osterøy
Tombre Fiskeanlegg AS meldte mandag 3. februar om ei rømmingshending ved deira lokalitet Litletveitholane i Sørfjorden i Osterøy kommune i Vestland. Det var då oppdaga ein større skade i ei not.
Selskapet har satt ut gjenfangstgarn på lokaliteten. Fiskestorleiken er i overkant av 700 gram i snitt. Omfanget av rømminga er ikkje klart.
Fiskeridirektoratet følger opp hendinga med tilsyn, etter vanleg prosedyre.
Tips oss om du fangar oppdrettsfisk
Vi ønskjer at publikum tipsar oss om fangst og observasjon av regnbogeaure i området.
Legg gjerne ved bilde av fisken. Tipsene vil være til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettsfisken.
Gjeldande fiskereglar i området må følgjast.