Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Send oss driftsplan for 2025 og 2026

Vi minner om at akvakulturverksemder må sende oss driftsplan for dei neste to kalenderåra innan 1. oktober.

Krav til godkjend driftsplan

Akvakulturanlegg i sjøvatn for matfisk og stamfisk har krav om å ha ein godkjend driftsplan, jamfør akvakulturforskrifta § 40 (lovdata.no). Kravet gjeld ved oppdrett av laks, aure, regnbogeaure og torsk.

Rettleiing for innsending av driftsplan og krav til søknaden (fiskeridir.no)

Søk om godkjenning av driftsplan her (altinn.no)

Om det er manglar ved søknaden, vil vi krevje ein ny og korrigert søknad. Vi kan ikkje handsame søknaden før han er komplett og skjemaet er korrekt utfylt, og først då kan vi sende søknaden vidare til handsaming i Mattilsynet. 

Litt enklare i år

Det er starte eit arbeid med mål om å forenkle søknadsprosessen. Som eit første steg mot ein enklare driftplansøknad, har vi no gjort to endringar:

  • Reinsefisk. Du treng ikkje lenger å spesifisere utsett av ulike artar reinsefisk. No kan du velje samtaleemnet "Rensefisk (blandet)" i søknadsskjemaet. Sjå bilde under.
  • Miljøovervaking. Det ligg framleis datofelt for planlagde B- og C-undersøkingar i driftsplanskjemaet, men du treng ikkje å fylle ut desse felta.
Skjermutklipp frå søknadsskjemaet Driftsplaner for akvakulturanlegg i sjøvann (FD-0006). 

Om du er usikker på noko, ta kontakt med Fiskeridirektoratets sentralbord på telefon: 55 23 80 00, og spør etter Seksjon for akvakulturtilsyn og veiledning. 

 

Oppdatert: 09.09.2024