Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Send oss driftsplan for 2024 og 2025

Vi minner om at driftsplan for akvakulturverksemd for dei neste to kalenderåra må sendast til oss innan 1. oktober.

Rettleiing for innsending av driftsplan og krav til søknaden

Vi kan ikkje handsame søknaden før han er komplett og korrekt utfylt. Om det er manglar ved søknaden, vil vi krevje ein ny og korrigert søknad. Først når søknaden er komplett, blir han bli sendt vidare til Mattilsynet.

Om du er usikker på noko, ta kontakt med Fiskeridirektoratets sentralbord på tlf. 55 23 80 00 og spør etter seksjon for akvakulturtilsyn og veiledning.

Krav til godkjend driftsplan

Akvakulturanlegg i sjøvatn for matfisk og stamfisk har krav om å ha ein godkjend driftsplan, jamfør akvakulturdriftsforskrifta § 40 (lovdata). Kravet gjeld ved oppdrett av laks, aure, regnbogeaure og torsk.

Oppdatert: 11.09.2023