Fangst av regnbogeaure etter rømming i Austevoll
Det vert fanga regnbogeaure i kommunane Bergen, Austevoll, Øygarden og Bjørnafjorden etter rømminga ved Lerøy Vest Sjø sin lokalitet Naveide i Austevoll.
Ein stor del av fangsten er teken av fartøy innleigd av selskapet, men Fiskeridirektoratet mottek jamleg andre tips om fangstar i både sjø og vassdrag.
Lerøy Vest Sjø AS melde 31. august 2023 til Fiskeridirektoratet om at dei hadde oppdaga eit større hol i nota i ei av merdene ved lokalitet Naveide i Austevoll kommune. Skaden i nota blei oppdaga under ROV-inspeksjon etter at Fiskeridirektoratet hadde fått inn tips om fangst av regnbogeaure i Korsfjorden-området.
Det er snakk om ei større rømmingshending, men selskapet har ikkje fått avklart omfanget ennå. Regnbogeauren er om lag 3 kg i storleik.
Fiskeridirektoratet har motteke i nærare 30 tips frå privatpersonar og grunneigarlag om fangstar av regnbogeaure. Desse tipsa strekker seg i det alt vesentlege over området Korsfjorden - Fusafjorden. Det er også fanga regnbogeaure i Oselva og ved elveutløpa i Sævareid og Eikelandsosen.
Pålegg om gjenfangst i sjø
Fiskeridirektoratet har oppretta tilsynssak med hendinga, og har blant anna vore på inspeksjon på lokaliteten. Vi har også pålagt selskapet gjenfangstfiske i sjø, no avgrensa til Korsfjorden, Raunefjorden, Fanafjorden og Lysefjorden. Dette fisket pågår med fartøy innleigd av selskapet, og per 11. september har Lerøy Vest Sjø meldt inn ein gjenfangst på ca. 1.600 fisk. Fangst gjort av privatpersonar og elveeigarlag kjem i tillegg.
Mottak og dusør
Publikum som ønsker å levere inn fangsten sin kan kontakte Lerøy Vest Sjø om dette. Selskapet har også utlova dusør på 250,- kr per gjenfanga regnbogeaure.
Kontakt for innlevering av fisk eller fiskehovud er:
Leon Dale, vedlikeholdsleder
Mobil: 97032746
Overvaking av vassdrag
Fiskeridirektoratet har idag også pålagt Lerøy Vest Sjø overvaking og uttak av regnbogeaure i vassdrag. Pålegget omfatter Oselva, Lønningdalselva og Tysseleva i Bjørnafjorden kommune, samt tre bekker med utløp i Nordåsvannet i Bergen kommune.
Fiskeridirektoratet ønsker fleire tips
Vi kan ikkje utelukke at fisk frå denne hendinga har spredt seg over eit større område og Fiskeridirektoratet ber difor publikum om å melde inn tips om eventuell fangst av regnbogeaure i vår digitale tipsløysing. Det er mogleg å vere anonym ved innmelding av slike tips.
Legg gjerne ved bilde av fisken. Publikum må følge gjeldande fiskereglar for området.
Pressevakt – for journalister
Pressetelefon: 905 80 471
E-post for journalister: info@fiskeridir.no.