Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Forskrift om videretransport av fisk

Fartøy som fører flagg tilhøyrande ein medlemsstat i den Europeiske Union (EU) eller Storbritannia, kan velge å lande fangst i Noreg utan å måtte førstehåndsomsetje fangsten gjennom, eller med godkjenning av, eit fiskesalgslag.

Fartøya må følgje dei prosedyrane forskrift om videretransport av fisk (Lovdata) set opp for dette. Mellom anna kan fangsten kun landast hos mottak som er godkjende av Fiskeridirektoratet for mottak av fisk bestemt for videretransport.

Søke om godkjenning som agent for mottak av fisk bestemt for videretransport

Virksomheiter som etter matloven (lovdata.no) er godkjende for tilvirking av fisk kan søkje Fiskeridirektoratet om godkjenning som agent for mottak av fisk bestemt for videretransport. Vilkåret er at virksomheita ligg innanfor ei avstand på ca. ein times reise frå sentrum av følgjande stader: Fredrikstad, Egersund, Haugesund, Bergen, Florø, Måløy, Ålesund, Kristiansund, Trondheim, Sandnessjøen, Bodø, Leknes, Sortland, Harstad, Finnsnes, Tromsø, Skjervøy, Hammerfest, Honningsvåg, Mehamn, Båtsfjord, Vardø og Kirkenes. Virksomheita må også dokumentere at den har godkjenning som tollager.

Søknad om godkjenning av mottak bestemt for videretransport sendast til postmottak@fiskeridir.no.

Journalkrav

Fiskeridirektoratet kan stille krav om korleis journal skal førast, og om adskilling, merking og lagring av fisk, jamfør landingsforskriften §§ 16 og 17 (lovdata.no). Fangsten er underlagt Mattilsynets og Fiskeridirektoratets alminnelege kontroll, og det skal førast landingssetlar for fangsten, jamfør landingsforskriften § 8 (lovdata.no).