Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Regulering av leppefisk 2024

Her kan du lese det du treng for å fiske leppefisk, finne relevante skjema til fiske og beskrivelse av regelverket. 

Om fiske etter leppefisk

Reguleringa er gradvis justert i takt med auka kunnskap om bestandane og påverknad frå fiskeria. Leppefisk blir brukt som rensefisk i oppdrett, og Fiskeridirektoratet legg vekt på at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv.

Fiske etter leppefisk føregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak artane bergnebb og grøngylt som blir fiska.

Med auka minstemål og innføring av maksimalmål for berggylt er fiske etter leppefisk vurdert som eit berekraftig fiske. Totaluttak og beskattingsmønster følgjer tilrådingane frå Havforskingsinstituttet.

ArtStørrelse
GrøngyltMinstemål 12 cm
BerggyltMinstemål 22 cm, maksimalmål 28 cm
Andre leppefiskartarMinstemål 11 cm

Totalkvote

Totalkvoten på 18 millionar leppefisk er fordelt på tre regionar:

  • 4 millionar leppefisk på kyststrekninga frå grensa mot Sverige til Varnes fyr på Lista (Sørlandet)
  • 10 millionar leppefisk på kyststrekninga frå og med Varnes fyr på Lista til 62 grader nord (Vestlandet)
  • 4 millionar leppefisk på kyststrekninga nord for 62 grader nord

Totalkvoten blir fordelt med 90 prosent til lukka gruppe og 10 prosent til ope gruppe.

Tidsrom

Sør for Stad, frå 12. juli kl. 08:00 til 20. oktober kl. 20:00

Nord for Stad, frå 26. juli kl. 08:00 til 20. oktober kl. 20:00

Sjå paragraf 4 i reguleringa for leppefiske på Lovdata for informasjon om fredingstid.

Innsending av leveringsavtale

Kravet om innsending av leveringsavtale for å delta i fiske etter leppefisk er oppheva. No skal leveringsavtalen framvisast ved kontroll eller på førespurnad frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta eller fiskesalslaga. Leveringsavtalen med godkjent kjøpar må føreligge før fartøyet startar opp fisket etter leppefisk.

Frå 2021 er det forbode å nytte ruser til fangst av leppefisk. For yrkesfiskarar som nyttar merkeregistrerte fartøy som har fiska og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av dei tre siste åra, blir det gitt dispensasjon slik at ruser kan nyttast fram til og med 2024.

Fartøygruppar

Fartøykvote i lukka gruppe er på 48 000 leppefisk per fartøy.

Fartøy som deltek i lukka gruppe må innan 23. oktober kl. 20:00 ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar.

Maksimalkvotar i ope gruppe er på 8000 leppefisk per fartøy.

Fartøy som deltek i ope gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 23. oktober kl. 20:00, eller innan 72 timer frå ein stopp i fisket.

For deltaking i ope gruppe gjeld alminnelege vilkår. Det er blant anna vilkår som at

  • eigar sjølv er høvedsmann om bord i fartøyet, med mindre det er gitt dispensasjon i samsvar med alminnelege reglar
  • fartøyeigar kan delta med eitt fartøy i ope gruppe
  • fartøyeigar som deltar med fartøy i lukka gruppe kan ikkje også delta med fartøy i ope gruppe.

For gruppa som deltek som fritidsfiskarar, kan du sjå eiga side med informasjon eigna spesielt for fritidsfiske av leppefisk.

Posisjonsrapportering

I 2020 blei det innført eit krav om at deltakande fartøy skal vere utstyrte med typegodkjent automatisk identifikasjonssystem (AIS, klasse A eller B) eller VMS.

Dette kravet gjeld for alle fiskarar som driv ervervsmessig fiske i lukka gruppe, ope gruppe og fritidsfiskarar. Kravet om posisjonsrapportering er innført for å kunne gjennomføre kontrollverksemd på ein effektiv måte.

I tillegg gir posisjonsrapportar meir presis kunnskap om kvar fisket går føre seg. Noko som gir eit betre grunnlag for forvaltinga av leppefisk og fastsetjing av kvotenivå. For fartøy som brukar AIS skal MMSI-nummer sendast Fiskeridirektoratet på elektronisk skjema for leveringsavtalar.

Mellomlagring

Posisjonen til mellomlagringsmerder og andre innretningar for å lagre leppefisk i sjø skal innrapporterast elektronisk på eige skjema på Barentswatch.no.

Rapportering for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)

Framgangsmåte for inn- og utmelding for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)

Rapportering av reiskap for yrkesfiskarar (barentswatch.no)

Posisjon skal oppgjevast ved bruk av lengde- og breiddegrader. Den som fiskar etter leppefisk og mellomlagrar fisken i sjøen før levering til kjøpar, skal rapportere talet på merder og posisjonen når merdene blir tatt i bruk, når dei eventuelt blir flytta og når dei blir tatt opp eller ikkje lenger nyttast til mellomlagring av leppefisk.

Merk at kravet om rapportering ved bruk av mellomlagringsmerd skal sendast til Kystvakta, jf. Forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2024 § 12 (lovdata.no), vil bli handheva i årets sesong.

Reiskapsavgrensing

På kyststrekninga frå og med Sverige til og med Agder kan ein ha 100 teiner eller ruser per fartøyeigar.

På kyststrekninga frå og med Rogaland og nordover kan ein ha 400 teiner og ruser per fartøyeigar.

Det er framleis krav om inngangssperre i reiskapen for å redusere bifangst av andre artar enn leppefisk, sjølv om fiskar er pålagt å straks sleppe all bifangst tilbake i sjøen.

Bruk av ruser

Frå grensa mot Sverige til og med Møre og Romsdal fylke, er det forbod mot å setje ut ruser for fangst av leppefisk.

For fritidsfiskarar vart det forbode å bruke ruser til fangst av leppefisk frå og med 2020.

Påbod om rømmingshol

Kvart år går eit betydeleg antal teiner og ruser tapt. For å hindre at tapte reiskap spøkelsesfiskar er det innført eit påbod om rømmingshol i teiner og ruser.

Rømmingsholet skal klippast til slik at alle oppbevaringskammer opnar seg når bomullstråden ryk. Holet skal syast att med ein ubehandla bomullstråd, som er maksimum 4 mm tjukk. Dette er same krav som er lagt til grunn i krabbe- og hummarteiner.

Bifangst

Det er ikkje tillate å behalde bifangst i teiner eller ruser som er sett ut til fangst av leppefisk. Dette gjeld også bifangst av krabbe.

All bifangst skal straks tilbake i sjøen på ein slik måte at den ikkje vert skadd, og at den finn tilbake til sitt naturlege miljø. Denne ordninga gjeld også leppefisk fanga i strid med gjeldande minstemål eller som av andre grunnar må setjast tilbake i sjøen.

Rapportering av faststående reiskap i fiske etter leppefisk

Vi handhevar ikkje kravet om rapportering av fastståande reiskap, for teiner brukt i fisket etter leppefisk utanfor fjordlinjene nord for 62 °​​​​N, i sesongen 2024.

Kravet om rapportering av fastståande reiskap skal sendast til Kystvakta, jf. Haustingsforskrifta § 25 første ledd bokstav a (lovdata.no), vil ikkje bli handheva for teiner brukte i fiske etter leppefisk, utanfor fjordlinjene nord for 62 °N, i sesongen 2024.

Årsaka til at vi vel ikkje å handheve dette kravet, er at utøvinga av fisket, kombinert med manglande teknologiske løysningar, gjer det vanskeleg å få til ei praktisk gjennomføring av rapporteringa sesongen 2024.