Leppefisk
Fritidsfiskarar må ha leveringsavtale for å kunne søke om å drive fiske etter leppefisk.
Søknad og registrering
Om fisket etter leppefisk
Leppefisk blir brukt som reinsefisk i oppdrett, og Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, samtidig som vi må ta omsyn til at leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere lus i oppdrettanlegga.
Fisket etter leppefisk føregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak bergnebb og grøngylt som blir fiska.
Med auka minstemål og innføring av maksimalmål for berggylt er fisket etter leppefisk vurdert som eit berekraftig fiske, med eit totaluttak og beskattingsmønster som følgjer anbefalingar frå Havforskingsinstituttet.
Minstemål for leppefisk
Art | Størrelse |
---|---|
Grøngylt | 12 cm |
Berggylt | 22 cm Maksimalmål 28 cm |
Annan leppefisk | 11 cm |
Krav til fiske etter leppefisk som fritidsfiskar
Den som vil fiske leppefisk med båtar som ikkje er merkeregistrerte, må ha særskilt løyve frå Fiskeridirektoratet før fartøyet startar opp med å fiske etter leppefisk.
For å få slikt løyve må fiskaren ha leveringsavtale med godkjent kjøpar og båten må vere registrert i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller i Skipsregistra.
Kopi av leveringsavtalen må leggjast ved søknaden om løyve. Dersom båten er registrert i Småbåtregisteret, må fiskaren også leggje ved dokumentasjon på betalt årsavgift i Småbåtregisteret.
Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i open gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innrettingar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 72 timer frå ein stopp i fisket fastsett med heimel i § 23.
Dersom Fiskeridirektøren stoppar fisket i open gruppe, vil det samtidig bli stopp i fritidsfisket etter leppefisk.
Teiner og ruser
Det er forbode for fritidsfiskarar å fiske leppefisk med ruser.
Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner.
Teiner som er sette i sjøen frå land, eller frå fartøy som ikkje er merkeregistrerte, skal merkast tydeleg med eigars namn og adresse. I tillegg til merking av sjølve reiskapen skal alle vak vere merka på tilsvarande måte.
For teiner som er sette ut til fangst av leppefisk er det påbode med fluktopning, inngangssperre og rømningshol. Krava til utforming av reiskap er lik for fritids- og yrkesfiskarar.
Teiner som vert nytta til fiske etter leppefisk skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og helgedagar.
Reiskapsreglar
Lenker til reglar for bruk av reiskap
Reglane for bruk av teiner; mengd, røkting, merking og krav til fluktopning og rømmningshol (fiskeridir.no)
Reglane for bruk av ruser; antal, geografiske område, røkting og merking (fiskeridir.no)
Reglane for røkting av reiskap (fiskeridir.no)
Reglane for merking av reiskap (fiskeridir.no)
Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar
I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgong til bruk av reiskap som også gjeld for fiske etter leppefisk. Presiseringar om kva for reiskap som er tillatne kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar (fiskeridir.no).
Sal av fangst
All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Fritidsfiskarar kan maksimalt omsetje for 50 000 kroner per år.
Reglane for sal av fangst (fiskeridir.no).
Statistikk
Fiske etter leppefisk for fritidsfiskarar
Fritidsfiskarar som fiskar leppefisk (fiskeridir.no)
Statistikk om fangst av leppefisk fordelt etter gruppe (fiskeridir.no)