Nasjonal strategisk risikovurdering (NSRV)
Nasjonal strategisk risikovurdering (NSRV) er ei årleg nasjonal risikovurdering, som ligg til grunn for ressurskontrollen. Risikovurderinga er utarbeida saman av Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga.
Den årlege risikovurderinga er nedfelt i eit styringsdokument der vurderingar på overordna nivå ligg til grunn. Dette skal sikre at dei ulike kontrollaktivitetar og kontrollområde til Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga blir vurderte i samanheng.
NSRV vert fastsett i samsvar med rammene Stortinget set gjennom budsjettvedtak, styringssignal frå departementet, internasjonale reglar og tverretatleg samarbeid.
Dokumentet inneheld vurdering av risiko på overordna nasjonalt nivå og hovudlinene for satsings-områda i den perioden NSRV gjeld for.
Risikovurderinga gjev samla oversikt over dei viktigaste og mest risikoutsette kontrollområda langs heile verdikjeden.
I NSRV er ansvarsområde, aktivitetar og verkemiddel til dei ulike kontrollorgana fastsett. Samanhengen vil då kome fram slik at dette kan gje grunnlag for samarbeid mellom organa.