Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fangst av kongekrabbe for turistfiskebedrifter

Her finner du hovedtrekkene i regelverket for å fiske kongekrabbe for turistfiskebedrifter.

Reiselivsbedrifter kan få tillatelse til fangst av kongekrabbe innenfor det kvoteregulerte område.

Dette gjøres gjennom søknad på eget skjema som finnes på Fiskeridirektoratet sine nettsider.

Denne artikkelen beskriver hovedtrekkene i reguleringen, for mer utfyllende informasjon se retningslinjer for turistfiske etter kongekrabbe.

Kven kan delta?

Bedrifta må vere registrert i Brønnøysundregistra og bedrifta sitt formål må være relatert til turisme. Turistar kan ikkje på eigen hand drive fangst av kongekrabbe gjennom bedrifta sitt løyve.

Det er kun nødvendig å søke éin gong per reguleringsår. Bedrifter som ikkje sender inn søknad innan årsskiftet får generelt ny moglegheit på våren til å søke.

Fiskeridirektoratet avgjer kven av søkarane som kan fangste kongekrabbe.

Når totalkvantumet er berekna oppfiska vert fisket stoppa.

Område

Området er vist i kartet under og hovedskillet går ved 26° Ø, som er om lag ved Nordkapp. 

Minstemål

Det er forbode å fange kongekrabbar med ei skjoldlengde mindre enn 130 millimeter. Skjoldlengda målast frå indre ende av augehola til innbukting i bakkant midt på ryggskjoldet.

Fartøy og andre framkomstmiddel

Fartøy skal vere registrerte i Småbåtregisteret eller Skipsregistra. Det er ikkje tillate å nytte merkeregistrert fartøy. Andre framkomstmiddel kan nyttast for transport fram til fiskestaden/samleteine dersom fangstområdet er på is, men er ikkje omfatta av krav til AIS.

Identifikasjonssystem (AIS)

Kvart fartøy som vert nytta i turistfisket skal vere utstyrt med typegodkjent identifikasjonssystem (AIS) klasse A eller B. AIS-systemet skal alltid haldast i gong. Unntak gjeld dersom straumtilførselen må brytast på grunn av vedlikehald av systemet, verkstadopphald eller når fartøyet skal ligge uverksamt i meir enn 14 dagar. Det skal sendast melding til Fiskeridirektoratet før straumen vert broten. Når straumen til AIS-systemet er broten kan ikkje fartøyet endre posisjon. Meldinga skal sendast på elektronisk skjema,

Reiskap, fangstmetodar og merking av reiskap

  • Fangsten kan berre drivast med teiner. Tal på teiner, inkludert samleteiner er avgrensa til 8 teiner per bedrift. Teinene kan setjast enkeltvis. 
  • Reiskap som vert nytta i turistfisket skal merkast med «Turistfiske» og bedrifta sitt namn og telefonnummer.
  • Posisjon på fangst- og samleteiner skal meldast elektronisk på et format som muliggjør automatisk håndtering.
  • Innkjøpt kongekrabbe og kongekrabbe som bedrifta har fangsta sjølv kan ikkje lagrast i same samleteine.

Forbod mot omsetting

Kongekrabbe som vert fangsta i samband med turistfiske kan ikkje omsetjast eller nyttast til ordinær servering.

Landing av kongekrabbe

Det er berre tillate å lande kongekrabbe i følgjande tilfelle:

  • For å gjere i stand og servere kongekrabben til same turistgruppe som deltok på turen,
  • For mellomlagring av kongekrabbe i samleteine for seinare opphenting av krabben til ny turistgruppe. Kongekrabben som vert teken opp etter dette punktet kan berre brukast i tråd med bokstav a.

Refordeling

Om en definert andel av tildelt kvote står ubenyttet på en definert tid på høsten, kan Fiskeridirektoratet inndra hele eller deler av kvoten og refordele den til aktører som har benyttet hele sin tildelte kvote.

Utestenging

Føretak som ikkje etterlever retningslinjene kan bli utestengde frå turistfisket.