Fangst av kongekrabbe for fritidsfiskarar

Her finn du hovudtrekka i regelverket for å fiske kongekrabbe.

Det er forskjell på reglane innanfor og utanfor kvoteregulert område. Innanfor det kvoteregulerte området er fangsten strengt regulert, mens fangsten er friare utanfor. Målet er å avgrensa spreiinga av kongekrabbe.

Området er vist i kartet under og hovudskiljet går ved 26° Ø, som er om lag ved Nordkapp. 

Innanfor det kvoteregulerte område aust for 26° A, inkludert blant anna delar av Magerøysundet, Porsangerfjorden og Kamøyfjorden, er kongekrabben ein ressurs for fiskerinæringa, og regulert med kvotar for fiskefartøya.

Utanom kvoteregulert område vest for 26° A, omlag ved Nordkapp, er det fri fangst og eit ønske om å avgrense meir spreiing. Utanfor kvoteregulert område er det ingen kvoteavgrensingar for kommersielle fiskefartøy.

I kvoteregulert område gjeld følgjande vilkår: 

  • Du kan du fiske inntil 10 kongekrabbar årleg  til eige bruk.
  • Du kan berre bruka éi teine.
  • Teiner skal ha fluktopningar.
  • Minstemålet for kongekrabbe er 13 cm.

Utanfor kvoteregulert område gjeld følgjande vilkår:

  • Det er inga avgrensing på kor mykje du kan fangsta til eige bruk.
  • Det er ingen krav til minstemål.
  • Det kan maksimalt nyttast 20 teiner.
  • Teiner skal ikkje ha fluktopning.

I begge område gjeld følgjande vilkår:

  • Teiner skal ha rømmingshol med bomullstråd for å unngå spøkelsesfiske.
  • Teiner skal røktast minst éin gong per veke og samleteiner til lagring av kongekrabbe skal røktast annankvar dag.
  • Teiner og vak skal vere merkte med namn og adresse på eigaren. I tilfelle fartøyet er merkeregistrert, skal registreringsmerket brukast.
  • All fangst av kongekrabbe er rapporteringspliktig.

Skjema for å rapportere fangst av kongekrabbe for fritidsfiskarar