Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Tilgjengelegheitserklæring

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke fiskeridir.no. Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengelig som mulig for alle brukarar.

Fiskeridir.no føl retningslinjene Web Content Accessibility Guidelines (WCAG) (W3.org).

Fiskeridirektoratet skal:

  • oppretthalde og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad.
  • sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0.
  • tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1.
  • følge likestillings- og diskrimineringslova.
  • følge forskrift om universell utforming av IKT.
  • inkludere universell utforming i valet av tredjepartssystem og oppgraderingar av eksisterande system.

Denne erklæringa gjeld ikkje subdomene.

Tilgjengelegheitsprinsippa vi føl:

  • Vi har rutinar for å rette opp WCAG-feil.
  • Vi etterstrevar eit klart og tydeleg språk.
  • Nettsidene er koda slik at det er mulig å lese opp innhaldet med skjermlesarar.
  • Du kan forstørre teksten i nettlesaren din.
  • Vi oppfyller krava til fargekontrastar, overskrifter og lenker.
  • Vi etterstrevar null feil for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0., nivå A og AA.

Dette jobbar vi med:

  • Legge til rette for at vi føl alle nye krav i WCAG 2.1, før det blir tatt inn i det norske regelverket.
  • Legge til rette for synstolking av førehandsinnspelt multimedieinnhald, slik at vi føl EUs webdirektiv om universell utforming av nettstader og mobilapplikasjonar (WAD).

Sei frå om manglande tilgjengelegheit

  • Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller er språket vanskelig å forstå? Er det noko som hindrar funksjonalitet, eller går du glipp av innhald?
  • Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit! Send oss ein e-post: info@fiskeridir.no