Ikon og illustrasjonar

Våre ikon og illustrasjonar er laga som strekteikningar for eit lett og tydeleg uttrykk. Dei kan brukast åleine eller som utgangspunkt for meir detaljrike presentasjonar, tekniske teikningar og animasjonar. 

Visningsbilde som viser forkjellen på et ikon og illustrasjon.

Ikonstilen er enkel og stram, med minimalt detaljnivå. Både ikon og illustrasjonar er laga som strekteikningar for eit lett og tydeleg uttrykk. Strektjukkleiken skal også vere den same i alle ikon.

Illustrasjonstilen gir rom for meir detaljerte og realistiske attgjevingar. Detaljnivået skal framleis vere redusert slik at illustrasjonen er tydeleg, men det er moglegheit for meir reelle størrelsesforhold og enkle detaljar som bidreg til å tydeleggjere motivet. Strektjukkleiken skal i utgangspunktet vere gjennomgående lik i heile illustrasjonen, men det er også mogleg å bruke 1/2 strektjukkleik til mindre detaljar der det er naturleg, eks. tau i eit garn.

Det er allereie utvikla eit stort utval ikon og illustrasjonar. Kontakt Fiskeridirektoratets kommunikasjonsavdeling for å få tilgang.

Tekniske teikningar

Eksempler på tekniske tegninger

Det er utvikla eit utval tekniske teikningar av fiskereiskap med eit høgare detaljnivå, i stil med illustrasjonstilen. Dette utvalet inkluderer botntrål, dobbeltrål, pelagisk trål, garnlenke, fløytgarn, drivgarn, line, fløytline, vormline, snurpenot, snurrevad, teine og teinelenke.

Her finn du våre tekniske teikningar (flickr)

Animasjonar

Animasjon vist på en pc og mobiltelefon.

Ikon- og illustrasjonstilen vert også brukt som utgangspunkt for utvikling av diverse animasjonar, for eit gjennomgåande og heilskapleg uttrykk.

Har du spørsmål om vår profil?

Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på epost:  .

Oppdatert: 13.12.2022