Filtypar

Er du usikker på kva filtype du treng? Under finn du ein guide som forklarar dei ulike filtypane du finn i vår designmanual og korleis du best kan bruke desse.

PDF (Portable Document Format) er eit plattformuavhengig, opet filformat som er utvikla av Adobe spesielt for dokumentutveksling. Filformatet er no en ISO-standard. Filene kan visast på datamaskiner, mobilar og nettbrett med ulik oppløysing utan tap av kvalitet. Det er ei rekke program som kan vise innhald lagrat som PDF. Mest kjent er Adobe Acrobat og nettlesarar som Safari, Firefox og Chrome. Du kan skrive ut PDF-filer på alle typar skrivarar. Ei PDF-fil inneheld vektorgrafikk, bilde, tekst og skrifter. PDF er vanlegvis sett på som eit sluttformat som ikkje skal bearbeidast vidare.

PDF-filer vert også brukte som eit logo- og bildefilformat. PDF-filer kan plasserast inn på tekstsider i profesjonelle sideredigeringsverktøy som Adobe InDesign. Billedbehandlingsverktøy som Adobe Photoshop kan lese PDF-filer og konvertere dei til bilder med fast oppløysing. Teikneprogram som Adobe Illustrator kan opne PDF-filer, slik at filene kan redigerast. PDF støttar både CMYK- og RGB-format. PDF-filer har også støtte for koding for universell utforming.

EPS-formatet er eit profesjonelt filformat som var mykje brukt tidlegare. Ei EPS-fil er eit PostScript-program som også inneheld ei visingsramme i ein gitt størrelse. PostScript-filer kan innehalde vektorgrafikk, tekst og bilde. EPS støttar ikkje gjennomsiktigheit. EPS-filer kan også innehalde ei visingsfil av innhaldet, tilpassa Mac eller PC. Du treng spesiell programvare for å bruke eller opne filer i dette filformatet. Inneheld EPS-fila ikkje visingskopi, må den skrivast ut for å vise innhaldet. EPS-filer kan konverterast til PDF-filer med Adobe Distiller.

Bruksområde

PC- og Mac-underlagsfiler til bruk på annonser, brosjyrer, flygarar, visittkort, plakatar, profilartiklar (give-aways), roll-ups, skilt, osb.

Av sikkerheitsmessige grunnar slutta Microsoft Office å støtte bruk av EPS-filer i 2017. Alle EPS-filer inneheld programkode – og kan derfor bli infiserte og vere skadelege for PC-ar. EPS-formatet er derfor utelatt her.

PNG

PNG-filer er bildefiler som blir komprimerte utan tap av informasjon. PNG er spesielt mykje brukt som filformat for logoar på nett. PNG har god støtte for transparente område, og kan brukast på ein farga bakgrunn.

Bruksområde

WEB, Word-filer og PowerPoint.

JPG er eit bildeformat som er komprimert destruktivt. Det er effektivt og lagar små filer. Jpg-filer er spesielt mykje brukt som filformat for bilder på nettet og som filformat til elektroniske dokument. Viss filen blir opna, endra og lagra mange gonger, vil innhaldet endre seg.

Bruksområde

PC og Mac, internt og profesjonelt bruk f.eks.: Web-bilder, bilder til Word og PowerPoint

TIF-format er eit bildeormat som ikkje er pakka destruktivt. Filene er gjerne store - og det finns eit utal av variasjonar av filformatet. Formatet blir brukt av profesjonelle fotografar som ikkje vil ha tap av informasjon i bilda. Formatet blir mykje brukt i samanheng med trykksaker og elektronisk lagra dokument.

Bruksområde

PC og Mac – profesjonelt bruk f.eks.: bilder som skal trykkast.

INDD-formatet (InDesign Document) er eit filformat som blir brukt av Adobe InDesign. Programmet opnar og redigerer INDD-filer. Filformatet endrar seg ved kvar ny versjon av Indesign (årleg).

Bruksområde: PC og Mac, profesjonell bruk for trykksaker f.eks.: Originalar til annonsar, brosjyrer, plakatar, visittkort, konvoluttar og brevark.

Oppdatert: 01.12.2022