Typografi
Konsekvent bruk av typografi er med på å skape gjenkjenning og byggjer opp ein tydeleg visuell identitet, som gir eit einskapleg og påliteleg inntrykk.
IBM Plex Sans er Fiskeridirektoratets primære profilfont, og skal brukast på alle profesjonelle grafiske oppsett av trykte og digitale media. Denne fonten har 14 stilar (tjukkleikar og kursivar), og er ein lisensfri fontfamile frå Google Fonts som er tilgjengeleg for gratis nedlasting:
IBM Plex Sans (fonts.google.no)
IBM Plex Serif er tilgjengeleg som ein støttefont til IBM Plex Sans og kan brukast dersom ein ønsker eit mer dynamisk teksthierarki, med større variasjon mellom for eksempel overskrifter og mengdetekst. Denne har dei same 14 stilane som profilfonten, og vert distribuert lisensfritt og gratis av Google Fonts:
IBM Plex Serift (fonts.google.no).
Til kvardagsbruk i for eksempel MS Office-programma vert det alltid bruk systemfontar som erstatting til profilfontane. Systemfontar er standardfontar som alle har på si maskin gjennom MS Office-programma. Ved å bruke desse som erstattingsfontar til profilfontane, unngår ein problem med manglande eller feil fontar dersom eit dokument skal overtakast av ein som ikkje har profilfontane installerte på si maskin.
Arial vert brukt som erstattingsfont til IBM Plex Sans, medan Georgia erstattar IBM Plex Serif.
Har du spørsmål om vår profil?
Ta kontakt kommunikasjonsavdelinga på epost: