Logo
Fiskeridirektoratet sin logo blei utvikla av heraldikaren Hallvard Trætteberg og godkjent av Utenriksdepartementet i 1978.
Logofilene kan du laste ned nedst på denne sida.
Logoen har to delar: namnetrekket og eit logosymbol.
Logosymbolet består av riksvåpenets krone og ei havfrue som vaktar over to fiskar. Havfrua opptrer som herskarinne over hava, slik ho var i gamalgresk mytologi, som Neptuns ektefelle og dronning. Havfrua er i mange kulturar eit symbol for havets liv og fruktbarheit. Den kan symbolisere ei kjelde til liv og fornying, men samtidig vere uføreseieleg og sterk, slik som havet sjølv.
Riksvåpenets krone vert brukt i mange offentlege etatar og representerer offentleg myndigheit, autoritet og statleg tilhøyregheit.
Logovarianter
Det er to hovudvariantar av logoen – venstrestilt og midtstilt. Logovariantane vert brukte der det passer best å plassere dei; venstrestilt logo til venstre på flata, mens midtstilt logo er best ved midtstilling i flata.
Det er også laga engelske og russiske variantar av logoane.
I tillegg er det utvikla to variantar til spesialbruk – ein høgrestilt variant og ein venstrestilt logo til ekstra små flater eller samanhengar der bruk av dei andre logovariantane byr på utfordringar. Det kan for eksempel gjelde ved skilting av bygg, på båtar og flater som har avgrensa høgde, som for eksempel på nettsida. Denne varianten skal ikkje brukast i mindre størrelse enn 20 cm breidde i trykk og 1800 px breidde på skjerm. Høgrestilt variant vert brukt i mindre grad og opptrer hovudsakleg i situasjonar der det er eit poeng å tydeleggjere at materiell kjem frå Fiskeridirektoratet, som eit kvalitetsstempel, utan at det tar for mykje plass. Denne skal plasserast til høgre på flaten.
Logofargar
Logoen skal brukast i blå versjon på kvite/lyse flater eller kvit (negativ) på blå/mørke flater. Når det ikkje er fargar tilgjengeleg, skal det brukast kvit versjon på mørke grå flater eller grå versjon på kvite flater.
Viss logoen skal opptre som «gjest» på andre merkevarers profil, skal det brukas kvit logo på mørke flater eller blå versjon på lyse flater.
Friområde rundt logoen
For å framstå som ein tydeleg avsendar, skal det vere et friområde rundt logoen der det ikkje skal opptre nokon forstyrrande element. Denne avstanden mellom logo og andre element skal minimum vere logosymbolets breidde (x) etter at ønska størrelse på logo er sett. Derfor vil friområdet variere med logoens størrelse.
Lausrive namnetrekk og logosymbol
Logosymbolet og namnetrekket kan lausrivast frå kvarandre og brukast kvar for seg. Viss dei blir brukte kvar for seg på same flate, skal dei – for å unngå at det vert oppfatta som ein variant av logoen - ikkje stå for nært kvarandre.
Minimums-avstanden mellom namnetrekk og logosymbol skal utgjere 2 gongar breidda på namnetrekket (2y).
Nedlastbare filer
Norske logoer
Midtstilte logoer
Venstrestilte logoer
Venstrestilt logo - RGB (jpg, 85.3 kB)
English logos
Centered logos
Left-aligned logos
Har du spørsmål om vår profil?
Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på epost: