Bilde
Fiskeridirektoratet har eit utval typar profilfoto: dokumentariske bilde, dekorbilde og portrett av dei tilsette.
Det er viktig å behalde eit gjennomgående uttrykk også på foto og video. Bilde- og videostilen skal derfor, i den grad det er mogleg og naturleg, vere prega av kalde blåtonar. I tillegg til å gi eit friskt, tydeleg og moderne uttrykk, trekker desse blåtonene sterke referansar til havet, samt fiskeri- og havbruksnæringa.
Dokumentariske bilde
For å dokumentere Fiskeridirektoratets virke skal det primært brukast dokumentariske bilde. Det kan vere frå ulike situasjonar i fiskeri- og havbruksnæringa og turist-/fritidsfiske.
Nokon av dei dokumentariske bilda eignar seg godt som bakgrunn for kvit tekst. Då skal bildet tonast ned ved å legge blå primærfarge med 70% transparens oppå bildet. Elles kan bilda også brukast saman med bølgeelement.
Til sosiale media er det også definert eigne reglar for tekst på dokumentariske bilde. Her blir vår primære blåfarge brukt på teksten med ein kvit tekstbakgrunn. Teksten blir skriven med vår profilfont IBM Plex Sans Regular, og IBM Plex Sans Bold blir brukt for å utheve enkelte tal og ord. Der bakgrunnen er for lys for kvit tekstbakgrunn, blir kvit tekst brukt med vår primære blåfarge som tekstbakgrunn. Dette prinsippet blir hovudsakleg brukt kun til korte, informative bodskap på Facebook.
Dekorfoto
Våre dekorfoto er dekorative bilde av bølger; både digitale og meir naturalistiske bølger kan brukast som dekorflater.
Dekorbilda eignar seg godt som bakgrunn for kvit tekst. Då skal bildet tonastvned ved å legge blå primærfarge med 70 % transparens oppå bildet. Bilda er i RGB. Dersom dekorbildet skal brukast på trykk må det gjerast om til CMYK og så leggast på Fiskeridirektoratets blåfarge med 70 % transparens.
Dekorbilda kan også brukast til tema der det er vanskeleg å finne konkrete bilde.
Bildebibliotek
Tilgang til Fiskeridirektoratets fulle bildebibliotek er passordbeskytta. Det er kun eit utval bilde som er tilgjengelege for fri ikkje-kommersiell bruk mot kreditering. For å få tilgang til utvalde bilde, kontakt kommunikasjonsavdelinga.
Har du spørsmål om vår profil?
Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på epost: