Kvitkvalen til Kristiansand
Kvitkvalen, kjent som «Hvaldimir», vart funnen død i Stavanger 31. august, og etter obduksjon og vurdering hos politiet er det no klart for neste etappe; kva skjer med levningane etter kvitkvalen.
Det meldte seg fleire interessentar som ville ha skjelettet eller bitar og prøver av kvalen. I samråd med Veterinærinstituttet, som har obdusert kvalen, er det no bestemt at Naturmuseet og botanisk hage ved Universitetet i Agder kan overta levningane.
– Det er i løpet av kort tid vurdert to aktørar som meldte sin interesse, og som er kvalifiserte til å ta vare på levningane. Etter at Naturhistorisk museum i Bergen trekte sin interesse sto vi att med Naturmuseet og botanisk hage i Kristiansand, som vil få tilbod om å overta skjelettet, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.
Vanlegvis destruksjon
Vanlegvis vil dyr som vert obdusert ved Veterinærinstituttet bli destruert ut i frå smittevernsomsyn.
- Vi anerkjenner at dette er ein spesiell situasjon, og det er difor av allmenn interesse at bein og knoklar blir ivaretatt for ettertida, seier Bakke-Jensen.
Det er Veterinærinstituttet som koordinerer overleverer levningene og som vil sjå til at mottakeren ivaretar instituttets krav.
- Levningane vil kunne overleverast mottaker så snart alle nødvendige undersøkingar og prøver er henta ut frå dyret, og så snart dei har alt på plass for å overta levningane i henhold til våre prosedyrar om smittevern. Vi er glade for å kunne bidra til å behalde skjelettet som eit eksempel på norsk naturmangfold, seier seksjonsleiar for husdyr, vilt og velferd ved Veterinærinstituttet Knut Madslien.
Nyhetsmelding fra Veterinærinstituttet