Fiskeridirektoratet på Nor-Fishing
Fiskerimessa Nor-Fishing vert arrangert 20. - 22. august i Trondheim og Fiskeridirektoratet er til stades med både stand, gode faglege bidrag og konkurranse
Tre kjappe fagseminar
I hallen der vi høyrer til (hall E) er det ei scene der utstillarane i hallen vil presentere ulike aktuelle tema innafor sine ansvars- og kunnskapsområde. Fiskeridirektoratet har valt ut tre ting som vi vil dele med besøkande på messa:
Første dag, tysdag 20. august kl. 14:00
Seniorrådgivar Kari Grundvig fortel om Sameksistens på havet, spesielt mellom fiskeri og utbygging av vindkraft til havs.
Andre dag, onsdag 21. august kl. 13:00
Tre aktuelle leverandørar fortel om moglegheiter innen digitale fangstidentifiseringssystem med tittelen «Automatisk fangsidentifisering – er det langt unna?». Leverandørane er Adigo Mekatronikk, Myre Sveis og Mek. Verkstad og Optimar AS. Dei har fått bortimot ein time til å presentere sine løysingar.
Siste dag, torsdag 22. august kl. 11:00
Seniorrådgivar Kristian Landmark Skaar går gjennom meir enn 40 år med reiskapsrydding – på under 30 minutt. Dette representerer ein formidabel miljøinnsats, og mange land ser no til Noreg med tanke på vårt gjennomarbeidde system for innrapportering og gjenfangst av tapte reiskapar. Møt opp i hall E og bli inspirert!
Spørjeundersøking og konkurranse
Standen til Fiskeridirektoratet (E-410) er plassert i hall E. På standen vil du møte fagfolk som jobbar med fiskerireguleringar, miljøspørsmål, kart- og arealspørsmål, kontroll og meir generelle tema. Fiskeridirektoratet er i hall E som dette året huser offentlege etatar, ulike forskingsinstitusjonar, salslag og organisasjonar knyttet til fiskerinæringa.
På standen vil vi gjennomføre ei spørjeundersøking om korleis næringsaktørane ynskjer at vi skal drive rettleiing. Vi spør mellom anna kva slags kunnskap aktørane ynskjer at vi skal formidle. To heldige deltakarar vinn eit gåvekort på 1000 kroner kvar.
Vi har også lettare underhaldning på standen. Som tidlegare år har vi ein heilt uhøgtideleg konkurranse der besøkande skal tippe antal fisk i ein bolle. Den næraste får eit gåvekort på 750 kroner. Så vil vi sjølvsagt servere vår berømte fiskesuppe. Den blir laga og smaka til av eminente kokkar hjå Trondheim Catering.
Kven møter du på vår stand?
Første dag, tysdag 20. august:
Her kan du møte representantar frå seksjon kriminalitetsførebygging, som også er ansvarlege for spørjeundersøkinga om rettleing og du møter dei kvar dag. Du møter også representantar frå miljøseksjonen, seksjon fiskeriregulering, kartseksjonen, arealseksjonen og strategisk fiskeriseksjon.
- Servering av fiskesuppe: kl. 12:00 og 15:00
Andre dag, onsdag 21. august:
Her kan du snakke med representantar frå strategisk fiskeriseksjon, miljøseksjonen, fiskeriregulering og kriminalitetsførebygging.
- Servering av fiskesuppe: kl. 12:00 og 15:00
Siste dag, torsdag 22. august:
Her er det tilsette som arbeider med fiskerregulering, miljøsaker, fiskerikontroll, arealsaker og kriminalitetsførebygging.
- Servering av fiskesuppe: kl. 12:00
Velkomen til stand E-410 i hallen på Nor-Fishing!
Følg oss på Facebook og LinkedIn for oppdateringar underveis.