Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fiskeridirektoratet på mange arenaer

Fiskeridirektoratet vil vere aktivt til stades på fleire arenaer dei neste vekene. Vi skal delta på Arendalsuka i Arendal, på Aqua Nor i Trondheim og på Blue Fish Expo i Ålesund.

Måndag 14. august startar årets Arendalsuka og Fiskeridirektoratet deltar for fjerde gong. Som i fjor vil vi ha patruljebåten MS Fjorgyn på plass sentralt i Pollen i Arendal.

– Vi skal samarbeide med andre institusjonar om tre arrangement om bord på Fjorgyn. Tysdag 15. august har vi to arrangement. Først ein paneldebatt om turistfiske i samarbeid med Tolletaten. Deretter skal vi ha ein ny paneldebatt om marin forsøpling. Dette arrangementet er ein del av kampanjen «Hei, har du mista noko?» som vi i samarbeid med Senter mot marin forsøpling, Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har køyrt dei siste to åra. Til slutt skal vi ha eit seminar og paneldebatt om torskeoppdrett onsdag 16. august saman med Mattilsynet og Havforskingsinstituttet, seier kommunikasjonsdirektør Anette Aase.

I tillegg til ulike arrangement vil Fjorgyn vere open for publikum og det har vist seg som eit svært populært tiltak. Arendalsuka blir avslutta fredag 18. august.

Fiskeridirektoratet på Arendalsuka:

"Turistfiske på avveier - en trussel mot Norges arvesølv? tysdag 15. august kl. 10:00 - 11:00

"Løsninger i et hav av taustumper", tysdag 15. august kl. 13:00 - 14:00

"Torskeoppdrett: Ny runde uten blanke ark", onsdag 16. august kl. 10:00 - 11:30

 

Aqua Nor

Fiskeri- og havbruksmessene i Trondheim har, med nokre få unntak, vore arrangert sidan 1960. Fiskeridirektoratet var ein av medstiftarane av messene og har deltatt på samtlege messer sidan starten.

– I år er det Aqua Nor og vi har som vanleg ein stand der vi mellom anna skal fokusere på torskeoppdrett, på krav til kartlegging av sårbar natur og på havbruk til havs. I år har vi fått plass i hall H saman med forskingsinstitusjonane og Sjømat Norge. Det betyr at vi får presentere aktuelt innhald på eit felles område for presentasjonar og vi skal ha tre miniforedrag i løpet av messa. Alle foredrag vil bli sendt direkte på den digitale messa. Så blir det sjølvsagt servering av Fiskeridirektoratets berømte fiskesuppe, seier Aase.

Nytt bekjentskap

Aqua Nor er ikkje vel over før Fiskeridirektoratet set kursen mot neste messeby; Ålesund og Blue Fish Expo 2023. Fiskeridirektoratet skal delta for første gong med ein liten stand i år.

– Vi har mange saker og prosessar som vi ønskjer å dele informasjon om med næringsaktørar, fritidsfiskarar, media og publikum. Å delta på messer er ein fin måte å kome i kontakt med folk på og derfor skal vi prøve oss med ein stand på Blue Fish Expo i år. Vi er framleis ikkje heilt i mål med planlegginga av kva slags tema vi skal fokusere på. Men hovudpoenget er å kome i kontakt med folk og ha dialog om ulike tema som både næring og forvaltning er opptatt av, seier Anette Aase.

Oppdatert: 10.08.2023