Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Storkontroll av hummarfiske med mange regelbrot

I dagane før hummarfisket 1. oktober starta vart det gjennomført ein stor felleskontroll i heile Sør-Noreg. Den avslørte at kontroll av fisket er svært nødvendig.

I alt deltok det to fartøy frå Fiskeridirektoratet, tre fartøy frå Kystvakten og to fartøy frå Statens Naturoppsyn. Også politiet hadde mannskap med på deler av felleskontrollen. Operasjonsområder dekka kysten frå Sunnmøre til Telemark.

I løpet av nokre få dagar før hummarfisket opna 1. oktober kl. 08:00 vart det gjort 263 beslag og innlevert 75 anmeldelsar til politiet. Godt over halvparten av alle beslaga vart gjort i Agder.

– Antal beslag og saker som er oppretta i samband med fellesaksjonen frå Sunnmøre til Telemark viser at det er eit stort behov for å vere til stades på sjøen og kontrollere før oppstarten av hummarfisket, seier skvadronsjef Øystein Øksenvåg Johansen i Indre Kystvakt.

Beslag fra Kystverket sitt tokt i Stavanger - Haugesund.
Beslag fra KV tokt,Stavanger - Haugesund. Foto: Fiskeridirektoratet ©

Same regelbrot

Regelbrota er dei same som går igjen frå år til år. Det er bruk av 60 mm fluktopning før hummarfisket startar. Fram til 1. oktober skal fluktopninga vere 80 mm. Det er manglande bomullstråd (råtnetråd), og det er manglande merking av teinene.

– Vi er skuffa over at så mange ikkje oppdaterer seg på gjeldende regelverk, noko antal beslag og anmeldelsar i denne fellesaksjonen avslører, seier førsteinspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet.

Les mer om regelverket og hummarfiske (fiskeridir.no)

Beslag av teine. Foto: Fiskeridirektoratet ©
Beslag av teine. Foto: Fiskeridirektoratet ©

Dei fleste fiskar lovleg

Men det samla inntrykket er likevel at dei fleste er lovlydige og driv hummarfangst i tråd med regelverket.

– Avvika frå regelverket er ofte rein uvitenheit, men enkelte beslag tyder på bevisst misbruk av felleskapets ressursar, seier Øksenvåg Johansen.

Dårleg vær

I dagane opp mot oppstarten av hummarfisket var det mykje vind og grov sjø mange stader, noko som sette ein dempar på aktiviteten. Mange tek likevel sjansen og trosser vær og vind for å prøve å fange «havets kardinal».

– Vi ser at det står mange bruk i krevande område, noko som kan vere svært utfordrande dersom ein fiskar åleine. Vi oppfordrar difor hummarfiskarar til å tenke sikkerheit når dei er ute på sjøen, seier Øksenvåg Johansen.

Effektivt samarbeid

Hummarfisket er ope frå og med 1. oktober til og med 30. november frå grensa mot Sverige til og med Vestland fylke. Frå Møre og Romsdal og nordover er fisket ope ut året. Erfaringane frå fellesaksjonen viser at kontroll er nødvendig.

– Slike samarbeidskontrollar som vi har gjennomført no før hummarfisket startar er effektive. Vi kan dekke store områder i løpet av kort tid og vi styrker samhandlinga mellom kontrolletatane, seier Rudi Iden, som lovar fleire kontrollar i hummarfisket.

Beslag av teiner. Foto: Fiskeridirektoratet ©
Beslag av teiner. Foto: Fiskeridirektoratet ©

 

Oppdatert: 02.10.2024