Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Sal og omsetning av kamskjel

Kjøper du fisk og skaldyr frå privatpersonar? Det kan vere ulovleg.

Alt sal av fisk og skaldyr skal registrerast og kontrollerast. Det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar.

Reglane har eit klart formål

Fangsten skal registrerast på landings- og sluttsetel. Setlane er viktige for å sikre ei berekraftig forvalting av dei marine ressursane våre.

Setlane vert mellom anna også brukte til reguleringar, stans i fiske, ressurs- og kvotekontroll, statistikk og forsking. 

For detaljhandelen er det er ikkje tillate å omsette eller ta imot kamskjel direkte frå dykkar/fiskar. Dette gjeld både for større og mindre mengder av kamskjel. Det gjeld også for fritidsdykkarar som vil tene seg litt pengar på hobbyen sin.

Les meir om reglane for sal av fangst

Kunnskapsmangel eller bevisst handling

Bekymringsmeldingar vi har mottatt, tyder på at det går føre seg ein del ulovleg/svart omsetting av kamskjel. Dette skuldast både mangel på kunnskap og bevisst handling frå dei som dykkar etter kamskjel. Både store og små mengder kamskjel skal registrerast for å sikre både mattryggheit og bevaring av marine ressursar.

Det handlar om mattryggheit

Alle artar av skjel, som vert hausta for omsetning, skal vere trygge å ete.

Frå naturen kan skjel få i seg algetoksin, bakteriar, virus og miljøgifter ved filtrering av vatnet dei lever i, og skjel kan derfor gjere oss sjuke.

Regelverket krev at all fangst skal gå via fiskemottak/ekspedisjonssentral, som skal vere godkjent av Mattilsynet for mottak, handtering, pakking og merking av kamskjel for vidare sal.

Mottaket er ansvarleg for at alle kamskjel som går ut på marknaden er kontrollerte for dei farar som kan gjere oss sjuke. Mottaket må ovanfor Mattilsynet kunne dokumentere kvar og når kamskjela er hausta og vise til gyldige analysebevis for kontroll av farar.

Føl med på Blåskjelvarselet

For deg som dykkar etter kamskjel til eige bruk oppfordrar vi deg til å følgje med på blåskjelvarselet.

Når Mattilsynet åtvarar mot inntak av blåskjel fleire stader langs ei og same kyststripe, tyder det på større mengder algeoppblomstring. Algeplanktonet bevegar seg både vertikalt og horisontalt i vassmassane, og kan takast opp i kamskjela.

Enkelte giftige artar av algeplankton dannar sporar etter blomstring, som søkk ned til botnen av sjøen, der kamskjela lever, og gjer at kamskjela blir giftige.

Det er ikkje eit eige varsel for kamskjel, men når det er påvist større konsentrasjonar av algetoksin ved kommersiell omsetning av kamskjel, blir det advart også mot inntak av kamskjel i Blåskjelvarselet.


 

Oppdatert: 25.06.2024